1814: Tok hovudet av ein svensk løytnant

by | 6. mai 2014 | Biografiar | 0 comments

lierslag1808

Kvar er Eilev Olsson Moen frå Skåbu? Teikning: Andreas Bloch.

IVAR KLEIVEN: Endeleg nådde vi året 1814, og siste ufredskula med dei gamle grannane våre attafor kjølen braut laus. Alt var som å stire inn i svarte vonløysa: ein mannsterk fiende med stormaktene bak seg, mens i Noreg var det uår, matløyse og eit øydelagd penningstell. Men folket ga ikke opp, og soldatane slost som karar i fillene sine, ofte med kost av heil havre og turrfisk. Eilev Olsson Moen frå Skåbu var med ved Toverud den 19. april 1808. Han reide seg fælt til i slaget med lort og blod og såg fæl ut da han om  morgonen råka på Pål Sjurhuset, ein av sambygdingane som ikkje vart med i slaget:

Her kann du tru dæ har vore moro i natt, Pål! Nå skull´ eg gjett deg å småkå tobaken min, men eg er så jordåt og blodot at eg itte kann tå ti tobaken ein gong.

Eilev var kanskje ute i 1814 òg, for det er fortalt at det var han som tok ut jerntappene av pontongbrua ved Onstadsundet, da prins Kristian kommanderte dei til å rive ho. Han la tappene framved ein bergnabb, «og der ligg døm nok den dag i dag» trudde Eilev, når han seinare fortalde om det.

Lars Dalshaugen, bror hans Eilev Moen, var òg med ut i 1807-09, og var ein kar med godt hugu og godt framfor seg. Da han var ute i ufreden, heldt han på å skulle bli sersjant, men det glapp. «Dæ kunn vorte kar tå meg,» sa Lars på sine gamle dagar, «men e vart heftan´ i brennevinsskafta, og – enn slikt mål som eg ha, da!»

Løytnant Hans Kvikstad var frøning og mykje omtala av dei som låg ute i 1814 og var med ved Onstadsundet. Ein løytnant som hadde kommandoen, fall, og da tok Kvikstad kommando over skytinga, og det var gut som ikkje var fælen – han var den karen at han kunne halde seg skotfri, og medan han kommanderte så det gnell, såg dei fleire gonger at han rista geværkulene ut av våpenkjoleerma sine.

Etter slaget ved Onstadsundet vart det våpenkvile medan dei forhandla om fred, og derfor vart soldatane liggande på vestsida av Glomma omkring Onstadsundet. Ein dag heldt løytnant Kvikstad på og leikte seg med ein kanon, og rett som det var, gjekk kanonen av, og kula inn gjennom veggen på eit hus på andre sida av Glomma og tok hovudet av ein svensk løytnant. Jau, det vart oppstuss til gagns og herdsett gransking etter kven som gjorde dette midt i våpenkvila, det vart enda lova ut 50 daler til den som kunne gje melding om kven som sende ut kanonkula. Mange av soldatane visste vel kven som var skuldig, men dei var samstellte om å tegja med det, og Kvikstad gjekk fri. Det tok ein uhyggjeleg ende med løytnant Kvikstad. Han korta livet sitt i 1825.

Ein annan løytnant frå Fron, sonen hans Knut Bay på Forr, var kanskje med på ufredsferda inn i Sverige i 1788. Han heitte Erik Bay og skaut ihel seg med vilje på Ner-Bjørnstad på Lalm, oppover i «Løytnantsstugun», som nå er på Maihaugen. Årsaka skulle nok vera ulykkeleg kjærleik. Far til løytnant Bay var òg militær i dei unge år og var av ei gamal militærslekt, som med ein Jens Bay kom hit til landet på lag 1660. Slekta hans spreidde seg vidt over ymse bygdelag, og i 1814 var det med og tenestegjorde i ufreden ein løytnant Bay, som visst høyrde til denne slekta.

 

 

 

 

 

 

0 Comments

Submit a Comment