Artiklar

9. april 1940
Klukka 04.26 gjev kommandanten på Oscarsborg festning, Oberst Birger Eriksen den korte ordren: "Det skal torpederes". Dette skjer etter at kanon ein og kanon to har fått inn kvar sin fulltreffar på den tyske kryssaren "Blücher" og klukka 06.21 synk "Blücher" i...
Torgerhaugen
Torgerhaugen i Skurdalsgrenda, Sør-Fron. Bildet er retusjert med blå feittstift før det skulle lagast postkort for Gudbrandsdalen Bokhandel, såkalla G.B. kort blant samlarar. Bildet er frå samlinga etter Herman Olsen, som arbeidde på Gudbrandsdalen Bokhandel. Foto:...
Årsmelding 2024
Illustrasjonsbilde: Sødorp kyrkje (bygd i 1752) på si opphavlege plassering i Sødorp. Foto: Simen Baardseth, før flyttinga i 1908-1910. Årsmelding for Fron Historielag 2024Download
Vik i Kvam
Bilde teke av Knud Knudsen (1832-1915) ved Vik i Kvam. Vi kan sjå gravstøtta til Sinclair heilt til venstre med potetåker på den gamle kyrkjegarden ved Vik. Bildet er datert mellom 1900 og 1902, men det kan ikkje stemme, da jernbana ikkje er bygd når bildet er teke....
Inn kjem Slåstuen og Steig
Godt årsmøte i historielaget Omlag 40 møtte fram på historielaget sitt årsmøte på Kyrkjeteigen torsdag 27. mars. Nils Christian Steig og Roger Slåstuen er nye i styret. Ut gjekk Marit Håkenstad og Åmund Bækken Blakar. I tillegg til dei to nye sit nå desse i styret:...
Hugs årsmøte!
Vi minner om årsmøtet i morgon, torsdag 27.03.25 kl. 19.00 på Kyrkjeteigen, Kvam. Foto frå Klevstad teke rundt 1890 av Knud Knudsen. (Frå samlinga etter Herman Olsen)
Fiskdalseter
Setra til Nordgard Tokse på Fiskdalen, med det opphavlege vasshjulet. Det gjekk reim frå vasshjulet og bort på veggen til selet, som dreiv røreanordninga for dei store ystepannene på setra. Smia til venstre og selet står likeins i dag, mens vasshjulet er erstatta av...
Harpefoss stasjon?
Ei utfordring til følgjarane våre. Kor er dette bilde i frå? Fotografen er Anders Beer Wilse, og i følge opplysningane til bildet, er det teke 01.11.1912, men det passer ikkje med teksta: "Prot: Paasketur - Skyds møder ved Vinstra". Vi trur at bildet er frå Harpefoss...
Han følgde jenta heim i sprengkulda
Kva ein tolvåring fekk høyre over kortspelet PER TOFTE: Eg satt samankropen i senga oppe på karrommet. Kortspelet gjekk rutinert med slag på slag i bordet og eit avgjerande dunk når når fila vart lagt på til siste stikk og kortrunden var vunnen. Hundre og ein var det...
To uthuse, Fron
To uthuse har Robert Collett (1842-1913) kalla dette bilde, som skal vere frå Fron. Robert Collett var utdanna Zoolog og reiste mykje rundt for å fotografera dyr, særleg fuglar, men og menneskje og natur. I den store samlinga med bilde etter Collet, finns fleire frå...
Årsmøte torsdag 27.03.25
Kyrkjeteigen, Kvam kl. 19.00. Velkome både nye og gamle medlemmer til årsmøte i Fron historielag på Kyrkjeteigen i Kvam, torsdag 27.03.25 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Rasmus Kjorstad og Erik Bjørke vil spela og fortelja om gamle leikar...
«Fron Gudbrandsdalen»
Foto teke av Narve Skarpmoen truleg tidleg på 1900-talet. Skarpmoen var i Kvam å fotograferte i 1905, og bildet kan vera teke på den same turen oppover dalen. Den fremste karjolen tilhøyrar nok Skarpmoen, da den finst på fleire bilde frå Fron. Kven som står ved kjerra...
Torger Iverstugun i ord og tonar
Rasmus Stauri: Han var så mangt. Spelemann, innsamlar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, lyrikar, småbrukar, politikar, samfunnsbyggjar, ordkunstnar, bygdamenneske og meir til. Ein som brydde seg lite om bygdabøygen, men som gjekk sin eigen veg og arbeidde for det han...
Gudbrandsdalsseminaret – No kan du melde deg på
For å sjå program og melde deg på, kan du klikke på bilde eller her
Hundorp sundstad rundt 1920
Hundorp sundstad var i bruk fram til Hundorp bru vart opna i 1925. Bildet er teke av Conrad Alfred Øhlckers, som eigde småbruket Nybakk i Sødorp frå 1920-1928. Vi har fått bildet av sonesonen Harald Øhlckers, som har scanna det frå den originale glasplata.
Nord-Fron bibliotek onsdag 5. mars kl. 19
NAZISME: I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen skriv Egil Ulateig ein lengre artikkel om nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren (1915-2011) frå Harpefoss i Sør-Fron. Johs. var aktiv nazist under krigen som stabsleiar for Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. I 1959...
Skåbu bygdahus 70 år
OLE CHR. RISDAL: I går var det 70 år sidan den offisielle opninga av Skåbu bygdahus. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i...
Sødorp ein seinsommardag i 1896
Sødorp med Brandvols-gardane og Sødorp kyrkje, på si opphavelege plassering. Bygd i 1752 og fløtt over elva til si nåverande plassering i 1910. Legg merke til dei store steinrøysene som truleg er etter oppryddinga frå Storofsen. Bildet er teke i 1896. Foto: H.H. Lie /...
Velkome til ny heimeside
Bygdatunet i kveldssol Endeleg er den nye heimesida klar. Det har teke noko lengre tid enn vi forventa, men så meiner vi at resultatet også har vorte bra. Vi må rette ein stor takk til Rebecca på Krible, som har stått for oppbygginga av sida. Ho har hatt eit svært...
Einbu-samlinga på Hundorp
Rasmus Stauri: Gudbrandsdalens folkehøgskule flytte frå Vik i Kvam til Hundorp i 1915. I 1920-åra vart skuleanlegget modernisert og bygd ut trass i trong økonomi. Folkeopplysning på nasjonal grunn var sentrale verdiar i folkehøgskulen, og folkeopplysningstanken...
På sykkel ved Pynten
Bilde teke ved Pynten i Sødorp, som er det siste bruket langsmed Gudbrandsdalsvegen før du krysser grensa til Sør-Fron. Bildet er teke av Simen Baardseth med sjølvutløsar. Ser ein godt etter, ser ein utløsersnora som Baardseth held i høgre handa. Guten til venstre er...
Dalstjønna
Eit kjent turmål for mange på Vinstra. Mykje har forandre seg her opp gjennom tida. Mellom anna er det no svært attgrodd rundt Dalstjønna og Steinhaugsetra, som vi ser i framgrunnen. Demninga står fortsatt godt, sjølv om ho ikkje er like synleg lenger. Ho vart...
Nå er ho her!
Meir enn 90 med på lanseringa av Fronsbygdin 2024 Alle disse har skrive artiklar i årboka. Kjøp og les.
Klart for Fronsbygdin 2024
Kva har dei å fare med, dei nye redaktørane? Årboka til historielaget, Fronsbygdin, har vore ein bestseljar i alle år. Blir ho det i år ôg, undrar redaktørane Geir Paulsrud og Erling Skurdal. Torsdag 24. oktober kl 18 lanserer dei sin første årgang på Nord-Fron...
Øl og snus mot militærteneste
Meir om legenda doktor Grønning GUNNAR LIEN: Bjarne Nystuen på Frya vart innkalla på sesjon. Men han var så uhuga på denne eksisen at han gjekk til doktor Christian Grønning og spurde om han kunne få noko middel som gjorde han sjuk for ein dag, slik at han vart...
Nå blir det olsokfeiring!
Måndag 29. juli vaknar tradisjonane att i Sør-Fron Olav den Heilage får banesår på Stiklestad 29. juli 1030. Peter Nicolai Arbo; akvarell, truleg frå 1859 Heis flagget! For oslok er offisiell flaggdag, og i år blir det liv i olsok-tradisjonen att. Dagen skal løftast...
– Vil ikke kjøre der om jeg får betaling!
Ei lita historie om Peer Gynt-vegen I 2023 sykla NRK TV Peer Gynt-vegen med Sykkelsommer. Sjølvsagd var desse karane med. Øystein Rudi og Kikke Hovind. Saman med mange andre. CARL HENRIK GRØNDAHL: «Den er i så elendig forfatning at jeg ikke vil kjøre den en gang til...
Gjer deg kjend med Sødorp!
Historisk vandring sundag 16. juni kl. 13.00 - 15.00 Her tek Paul Henrik Hage deg med på tur. (foto: google maps) Fron Historielag arrangerer historisk markvandring i Nedre Sødorp sundag 16. juni. Frammøte klokka 13.00.på Kjørkjesletta ved Sødorp kapell, der det òg er...
Gratulerer med dagen!
Fron historielag feirar dagen med dette 96 år gamle bildet av ein alvorleg gjeng frå ungdomslaget Frøningen. Dei ser ikkje ut til å sleppe seg heilt laus på grunnlovsdagen. Kan hende kom det fram leik og smil da fotografen hadde gått heim. Tidene har endra seg. Ha ein...
Klart til brurepara og dei små kjem
Vel møtt til dugnad på bygdatunet! Milsteinstugu heiter plassen der bygdatunet ligg, og når folk møtast her i godvêret, skulle ein ikkje tru det, men dette må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord, eitt av dei aller skrinnaste...
Å jeg vet en seter, med så mange …
Kva veit du? Hjelp oss! Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. Fron historielag arbeider vidare med bok om setrene i Sør- og Nord-Fron. Det er godt over 700 kjente setre på 160 ulike seterstular. Kring jul gjekk det ut brev til alle...