Ei glede å lese

Mukampen spel- og dansarlag med ei praktbok om Torger Iverstugun

«Torger Iverstugun i Skåbu er ein mann med rike givnader i musikk. Han er småbrukar i Skåbu-bakli´n, har vore i Amerika, har skrive ein god del og vore med i bygdepolitikken ikkje so reint lite», skreiv Martinius Høgåsen i 1926. «Men eg har tenkt med meg sjøl so mang ein gong når eg har høyrt fela hans låte: Han skulde vore musikar, han, og ingenting anna! No er han alt ein mann på 46 år, berr i hugu og stiv i knokom tek te å bli, men hadde han berre i ungdomen fått opplæringa, han skulde nådd langt. Det er synd at naturgivnadene soleis skal gå for ein stor del tapt.» Høgåsen skriv vidare at komposisjonane til Iverstuen skulle vore samla og utgjeve. Det skulle ta 100 år. Nå er ho her, boka om Torger Iverstgun med gode tekstar og ei notesamling: Ekko frå fjellet. Torger Iverstugun i ord og tonar, utgjeve av Mukampen spel- og dansarlag.

Denne samlinga av utvalde foto, dikt, tekster og noteoppskrifter er eit ekko frå Torger Iverstuguns livsverk heile 50 år etter at han gjekk bort i 1974. Han vart fødd i 1880 og vart 94 år, skriv redaksjonen i forordet. Redaksjonen: Mari Eggen, Sjur Sande, Rorger Slåstuen og Rasmus Stauri som redaktør.

Dei skriv vidare at Mukampen spel- og dansarlag har som oppgåve å ta vare på og bruke den lokale musikkarven, og i den samanhengen er Torger Iverstugun sentral. Dei håper at boka vil nå ut, ikkje berre til musikarar, men til langt fleire. Det må vere lov å seie at denne boka er ei glede å lese – ikkje minst om replikk-kunstnaren Torger Iverstugun:

Han vart ståande i døra på kommunelokalet på Sør-Fron og høyrde på Stulsmusikken med Jon Stulen i spissen. Stulen var musikar og spelemann av fremste merke. Iverstugun stod nok og beundra spelet hans Jon, da ein frøning kom bort til han og sa: «N e god te spelle n´ Jon Stula. » Torger ga denne kommentaren: «É spelte slik é au før é va ute og lærde någå!»

Loading

0 Comments

Submit a Comment