Setring

Her er seterbrevet

Fleire etterlyser brevet som historielaget har send ut for å registrere setrene i Fron. Her er det. Og her er meir informasjon om prosjektet. Og her er dei som jobbar med prosjektet: Møyfrid Kalstadstuen, Johan Rusthage, Arild Larshaugen, Linda Myromslien, Elisabeth...

read more

Fronsbygdin og Aftenposten

Kor finn ein journalist stoff om Einar Gerhardsen si hytte? Mange har glede og nytte av årboka vår, Fronsbygdin. Denne gongen er det Aftenposten. I bilaget "Hyttemagasinet" er framsideoppslaget "Arven etter bestefar - landsfaderen", der journalisten presenterer...

read more

«1889 Huttetu for vaar og veir!

Litt av kvart frå Vendalen BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg...

read more

Dei kvidde seg for kalde sengeklede

Til fjells midtvinters for å hente fôr Tidene har endra seg på Haugsetra! Foto: Fredrik Weikle FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i...

read more

Historier frå mjølkerampa

Grisjin, Mora-Nisse og Hallgeir Brenden var samtaleemne FRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: "Eg saknar mjølkerampa." Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja...

read more

Bli med til seters i 1937

Eineståande film frå Isum OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det...

read more

Givande markvandring på Lomsetra

Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby...

read more

Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt...

read more

Der ingen skulle tru…

Litt å tenkje på når du køyrer inn under Teigkampen OSKAR LETRUD: Nye E6 går inn i Teigkampen og passerer to-tre hundre meter under restane etter dei gamle seterhusa på Skoekampen, ei seter som nå er nedlagt. Det er på høg tid å få skrive ned soga om denne setra og...

read more

Ikke bruk eggjern Sankthans!

En liten fortelling om glad latter som varsler en ny sommer ADOLF TAGESTAD: Sankthans, da er de kommet i stellet, som de brukte å si, på alle setrene. Og det var gjerne Sankthans-aften budeienes første sammenkomst fant sted. På en haug eller slette om været var pent....

read more

«Innbruddstjuven» Mikkjel Fønhus

Mystisk kar jabba i laussnøen i Skåbufjella Torger T. Risdal: Ein grå vintermorgon i fyrsten av 1920-åra, seig det to høylass smått om senn innover høgda frå Storhøli-setrene. Vegen synte ikkje, og det gjekk i små kvilar. Øykane var nøydd om å puste på titt og jamt....

read more

Møkkakjøring og mykje anna

Kanskje det viktigaste som har stått på prent i Fronsbygdin? Bildet syner harving, men er ikkje frå Tåkåstad. Foto frå Arve Skurdal / Vegar Skar "For å få gjødsla jevnt og fint utover enga, ble det kjørt over med ei sloe etter at gjødsla hadde tørket litt. Sloa besto...

read more

Da bjørnen slo kyr i Børkdalen

Han hørte selv jammeren fra kuer bamsen slo ned PEDER NILSEN fortel om si tid som gjetar kring 1820. : I skogene i Børkdalen var det på de tider meget rovdyr, særlig bjørn. Hvor mange ganger hørte jeg ikke min troende mor be Gud bevare hennes kreaturer. Og hennes...

read more

Slik vart setrene til

Bli med Ivar Kleiven til den gongen budeiene sms´a med lur IVAR KLEIVEN: Seter og seterbruk har opphavet sitt heilt attende i dei grå forntidene i Noreg, og i Gudbrandsdalen er det gammalt som alle haugane. Kva tid dei første setrene vart bygde, kan ingen seie for...

read more

Separatoren syng

Fronsbygdin fortel korleis Margit laga ost på setra Sommaren 1984 fekk Anton Løkken lyst til å høyre den kraftige og særeigne songen til separatoren att. Mor hans, Margit Lykkjom stilte opp og demonstrerte heile prosessen. Anton tok bilde, og Margit skreiv ned det ho...

read more

Etter en lang rekke år med slit og mas

To i 80-årsalderen som har brutt over tvert EINAR NILSENG: Eldre mennesker i Gudbrandsdalen har sjelden hatt for vane å ta seg ferie.  Helt opp til våre dager har det vel slik vært at det å ta seg helt fri uten å skulle gjøre noe annet enn å nyte tilværelsen, skulle...

read more

Skråtobakk mot hoggorm

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Kvar sommar vaska eg heile selet. Det lukta så godt av kvitskura vegger og tak og golv med einerkvister på. Dessutan måtte gjerdet rundt kvea stellast på. Dei snøtunge vintrane var harde med gjerdet. Alt arbeidet ute var sjølsagt...

read more

Snart klart for seterreisa

Er bjørkelauvet på fjellet stort som eit musøyra? HANS ODENRUD: Av husdyra er det sauen som fyrst kan livberge seg på fjellbeite om våren. Han kan følgje snøfonnene når dei trekkjer seg attende og det kjem ferskt, smakfullt og næringsrikt gras utan parasittar. Når...

read more

To tomme hender i Tverrbygda

Åse og Helmer Bjørkheim ryddet Haugland og hadde 100 geiter TORGEIR SÆTERVADET i DAGNINGEN MARS 1976: To tommer hender var startkapitalen som Åse og Helmer Bjørkheim i Tverrbygda i Fron hadde da ekteparet startet opp med nybrottsarbeide. Lange og slitsomme...

read more

Bjørkesetra er i drift!

Ei lita retting til Trond Halle TEA JOHANNE MYRSTAD: Les med glede Fronsbygdin. Reagerte på artikkelen til Trond Halle: "Sør- Fron på tvers". Gjer merksam på at Bjørkesetra inni Eldåa har vore og er i full drift kvar sommar. Finaste setra i verda - for alle oss frå...

read more

Markvandring Sandstjønn-Sand 15. juni

Torsdag 15. juni kl. 18.00 blir det markvandring i området Sandstjønn-Sand. Vi parkerer bilane ved avkøyring til Auretjønna. Frå der går vi til Sandstjønn og vidare til Sand. Gode sko er ein fordel. Dei som vil ha ein lengre tur parkerer på Voll og går frå der. Da...

read more

Mangt og mykje anna enn mjølk

Eit under kva mjølkebilen fekk med seg Mjølkebilen var litt av eit fenomen og noko for seg sjølv. Dette bildet frå Paul Henrik Hage seier meir enn mange ord.  Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år, fortel Margit Lykkjom. Det var fullt av folk...

read more

Byfolk badet i brønnen

Litt om vasstrosten og maleren ADOLF TAGESTAD: På Gålå ble det flere byfolk hver sommer, travende om på setrene. Med noen av dem var det som med hesten, de kom igjen hver sommer. Noen av dem ble en fort kjent med, andre snakket en aldri med, men merket seg på grunn av...

read more

Geitmelk godt for helsa

Seterliv for 100 år sidan ADOLF TAGESTAD: I høysesongen ble det levert melk fra setrene på Gålå til sanatoriet. Dette var gjevt for budeiene, som dermed slapp unna så mye ysting. Rolstad og Tagestad hadde denne leveringa i mange år, og vi dro melken dit bort på...

read more

Oss var i grunnen priviligerte

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Oss låg på seter´n til midt uti september, som oftast. Om hausten vart det travelt. Bærplukking og kvearbeid. Alt høyet måtte i hus. Ungane hadde det morosamt når dei fekk hoppe i høyet, men det var mye arbeid for dei, au.  Etter at oss...

read more

Ei nifs oppleving vinteren 1937

KNUT FOSSEHAGEN: Når vintervegen var kjørt over vatnet, vart han rekna som sikker. Men heilt trygg kunne ein ikkje vere. Det hende nemleg at at det kom vassåre i botnen av ei tjørn, og var vegen påkjørt rett over ei slik åre, kunne vatnet gå rundt og svekkje isen,...

read more

Vaffelrøre til grevlingungane

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Sjølv om det som regel var rolege og fredelege dagar på seter´n, var det eitt og anna som hende innimellom. Eg hugsar godt ei natt eg vakna av eit lurveleven med mjølkespann og bytto utafor selet. I berre nattkjolen sprang eg ut for å...

read more

Granatar øydela leikehesten

OSKAR LETRUD: Vi hadde heimelaga leiker. Eg hugsar spesielt hesten som bestefar hadde laga. Han var fullt utstyrt med sela og kjørereiskap av alle slag og var mye brukt. Dette var av dei tinga som vart øydelagde om våren 1940, da huset vart treft av fleire granatar...

read more

Sveltihelkjerra

MARGIT LYKKJOM FORTEL TIL ANTON LØKKEN: Mjølkebilen tok til å kjøre på setra i Sødorp i 1928. Da vart det brått slutt på ysting og kinning. Det vart messom meir matlaust på seter'n au. Eg hugsar eldre folk kalla mjølkebilen sveltihelkjerra. Men det vart i alle fall...

read more

Slangen Seter i Skåbu

OLE CHRISTIAN RISDAL: Slangen Seter er ei perle i Skåbu. Staden har rike tradisjonar attende til 1800-talet. Til å byrje med var Slangen vår- og haustseter til garden Nedre Skåbu, men etter kvart vart det turiststad og er i dag eit skikkeleg trekkplaster for...

read more

Dei kviskrar så stilt under felden

Dei to inni selet ligg glade og yr, og kviskrar så stilt under felden; - for kroken på innsida krøte dei på - - og om det kjem udyr - det vert vel ei råd guten han er her så sjelden. Etter at budeiene hadde gjort det som gjerast skulle og var nedkomne frå fjellet,...

read more

Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten

RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg...

read more

Ostebua som ble skole

CARL HENRIK GRØNDAHL: Sjølsagt var det galskap å bygge hotell oppå snaufjellet. Fire timer med hest og kjerre etter å ha blitt rodd over Lågen ved Hundorp. Men de nærmet seg femti, disse karene, var fulle av kraft og tro på framtida og så at jernbanen krøp seg...

read more

Seterlivet på Kvamsfjellet

Setring er dessverre ein saga blott om ikkje så mange år. Før i tida var det eit yrande folkeliv og full drift på setrene i Fronsfjellet. I dag er det berre ein brøkdel som tek vare på denne tradisjonen. Derfor er det svært viktig å dokumentere denne verksemda. Her...

read more

Lydkutt om ysting

Ysting var ein sentral aktivitet både på setra og heime før i tida. I dag blir dette gjort berre for å demonstrere korleis det foregjekk. Her fortel Ragnhild Taarud (f. 1893) om denne verksemda.

read more

13 lydkutt!

No er det lagt ut fleire lydkutt. Anna Hovden 1894-1984 frå Hundorp fortel frå gamle dagar. Torger T. Risdal frå Skåbu fortel om fyrste turen sin til Vinstra. Olaf J. Brandvol, Hans Skoe og Pål Bakken fortel om vinterkøyringa i Sødorp.

read more