Nokre tankar og minne ved ei gammal mjølkerampe

Ved rampene fekk budeiene kontakt med heile bygda. Mjølkebilen ved Nordgard Tokse si seter i Fiskdalen. Frå venstre: Astrid Byrløkken, Rønnaug Furuli, Karen Kluften, Ivar Kluften, Marit P. Brandvold og sjåføren, Torvald Slåstuen. Foto: Pål Kluften
MARGIT LYKKJOM: Ja, slik halvt itåvelt ligg ho her nå, denne mjølkerampa ved setervegen på Sødorpfjellet. Ho har truleg hatt litt hjelp til sitt forfall, det har vorte for mykje for henne. Det er elles ikkje bruk for rampene våre. Eg står litt på ved dei når eg fer forbi og får dei ikkje ut or tankane før det blir ord og bilete.

Margit Lykkjom har vore på mjølkerampa. Foto: Anton Løkken
I 1928, da mjølkebilen byrja hente mjølka frå setrene på Sødorpkjøla, var det at desse mjølkerampene vart sett opp. Nå skulle det bli lettvint å vera budeie, mjølkebilen skulle hente mjølka ned til ysteriet kvar dag, det hadde vorte rutebil mellom Vinstra og Fryvollane. Slutt med ysting og kinning på setrom, – å nei, for store veonder. Nå fekk budeiene meir tid til anna arbeid og til å sjå til kvarandre, drikke kaffe, lage og spå i kaffegruten.
Du kan leser meir om det Margit Lykkjom fortel om seterlivet.
Eg har vore på setra i 38 sumrar, så eg kjenner vel til livet kring mjølkerampene og den gamle gode mjølkebilen. Eg var ikkje her den tida det var ysting, men eg høyrer ofte eldre budeier fortel om rømmen og skjørosten og mysysmørpanna som eit laut passe mest dagen lang. Og matlaust tykte nok mange at det vart uti bu´n, slutt vart det for ungane å skråpå mysysmørpanna, slutt med å få seg ein tallik med kjuke og mjølk. Og så rømmen da. Eg høyrde ein gong mjølkebilen vart kalla sveiltihelkjerra. Men lell, – for ei lette den førte med seg.

Mjølkebilen som gjekk innover Østkjølen – Kvarvet, Jensås, Furuseter, Hovde, Eldåseter. Bilde frå Synnøve Jørgensen.
Vegen opp Sødorpbygda var bratt og låk, og innetter fjellet berre som ein skikkeleg kjerreveg. Men det var trauste og uredde sjåførar ved rattet. Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år. Det var fullt av folk oppå lasteplanet, dei sat på spann og over alt, stod på stigbretta, unge som gamle. Vil du vera med, så heng på. Og til setrene var det med varer av alle slag, aviser og småpakker, ferske poteter og sild om hausten, eller eit spann med rips, og ofte ein nybarbert friar til ei budeie, som stod raulett og halvblug ved rampa. Og ikkje å gløyme alle skulongane som sat på til skulen om hausten, både ned og oppatt med ranslom sine.
Alle visste at dei var i trygge hender når ein bad sjåføren halde eit auga med dei, og at dei kom av på rett stad.
Her fortel Frode Erstad historier frå mjølkerampa
Ved rampene fekk budeiene liksom kontakt med heile bygda, og ofte sende dei bud heim etter noko. Mjølkebilen kom opp att kvar efta, med nytt lass og nye andlet, dette vart dagens store hending for mange.
Svært mange ligg enda på setrom sine med budskapen her. Det er fortsatt liv på seterstulom våre, ein ser ku beite fredeleg, høyrer bjøller klunke, det ryk frå pipom på mange sel, til trivnad for oss sjølve og truleg for dei mange som ferdes innetter setervegen.
For nokre år sidan vart det tankbil som henter mjølka her. Oss som leverer mjølka i spann, fraktar desse bort til vegkanten der mjølka blir sugen opp med slange. Men denne tida høyrer et anna kapitel til, som trukeg andre enn eg kjem til å skrive om, seinare.
Og kring mjølkerampene da, som ennå står der og som ein gong var så nødvendige, er alt liv borte. Dei berre står der, – så lenge.
Frå Gudbrandsdølen 20.8. 1981. Frå Ola Løkken på Facebook-sida Du væt du e frå Vinstra når… Lagt ut her først gong 8. april 2016
0 Comments