
Vi har vore så heldige å få eit eksemplar av russeavisa Dill-Dall-Dølom frå 1958. Det er Juli Rudi som har foræra oss avisa, som ho har teke vare på etter far sin, Harald Rudi, som var russ i 1958.
Kva var russen oppteken av i 1958? Jau, det er både lokalpolitikk, rikspolitikk, kampen mellom kommunane i Gudbrandsdalen, interne stridigheiter, stikk til lokale forretningar og sjølvsagt enkeltepisodar med lærarar og eller hybellivet. Nett som ungdommen i dag.
Til dømes er bruken av Peer Gynt-namnet i alle samanhengar teke opp i ein eigen artikkel. Det kan vi vel kjenne oss att i, i dag òg.
Det må verka litt underleg på turistar og andre som kjem utafrå, når vi vartar opp med 2—3 Peer Gynt-vegar, Peer Gynt-hytte, Peer Gynt Fjellstue og Peer Gynt Pensjonat og Peer Gynt ditt og Peer Gynt datt. Sist, men ikkje minst har vi fått Peer Gynt Cafeteria. Om vi har nokre Peer Gynt-namn i fjellet, får vi til naud bera over med, men når dei kallar ein cafeteria attmed riksvegen, Peer Gynt, er det å drive det litt for langt. Dersom den nye vegen gjennom Vinstra vert ferdig nokon gong — skal vel han heita Peer Gynt-gata.
Særs imponert over servicen i enkelte forretningar har nok heller ikkje russen vore.

Vel 100 meter nordafor Vinstra stasjon finn vi eit forretningskvartal av dei sjeldne. Utafor riksveg 50 er det karar som Pål Kluften og Løkken som rår grunnen, medan heile øvre fløya er det «Jevne» folket sin eigedom. Mellom dei nye husa til «Klede-Ivar» og «Mjølke-Iver» ligg eit hus av noko eldre dato. Ved ei lita, rask gransking av tilstanden, finn ein ut at heile huset med innbu og tenarstab har stogga på eit nokså primitivt stadium i utviklinga. Dette er kanskje ikkje så rart heller, for innfødde Vinstraværar veit å fortelja at huset ein gong har tilhøyrd den kjende Peer Gynt. Det ser mest ut som dei ættar frå den same mannen dei som står for (u)styre og stell i huset no og, for dei fylgjer dei same retningslinene som Peer Gynt sjølv gjorde og er i høgste grad seg sjølve nok. Det hender ein og annan gongen at ein får kjøpt ei bok der, og vi som er gymnasiastar må difor ofte ta oss ein tur innom da det for det meste er bøkene vi lever av og for.
Ein dag kjem eit par stykke av oss inn på Gyntstaburet. Innafor disken er det tre stykke, framfor er det to. Den yngste utgåva kjem borttil oss og stiller seg opp som ein bakvendt S med prikk under. Vi nytter høvet til å spørja om dei skulle slumpe til å ha på lager: «Haffner og Haagaas: Oppgåvesamling i matematikk.» Gjenta gjer heilomvending og tek til å leita etter noko. Eit kvarter går. Dei to kvinnene står framleis på hovudet i kvar sin tome bokask. Sjefen sjølv står og blar i svarteboka. Di lenger han står, di mørkare andletsfarge får han. No reiser den unge seg og spør han om dei verkeleg ikkje har att noko eksemplar av dette oppgåveheftet. Utan å svara snur han på hovudet og får auga på oss. Kvasst som ein Sputnik er hovudet attende og peikefingeren lyner nedover blada i svarteboka. Etter å ha fari over alle blada opptil fleire gonger, konstaterer han at namna våre (til alt hell for oss) ikkje er der nett no, og med eit tungt sukk legg han boka frå seg og set kursen mot oss. Vi ber fram ærendet vårt ein gong til. No let ikkje svaret venta på seg. Det kjem fort og greitt: «Nei», og vi får sterk mistanke om at han har svært god øving i å seia dette ordet, kva det no kan koma av. «Vi hadde to eksemplar att frå i fjor,» seier han, «men dei sende vi att på grunn av plassmangel. Var det så at heile klassa skulle ha den boka?» «Det var meininga det, ja. Vi er tretti elevar i klassa.» Etter å ha klødd seg to gonger bak kvart øyra, får han det typiske forretningsglimtet i augo, og i det vi opnar døra, høyrer vi det mumlar inne i mørket: «Eg skal tinga femten eksemplar dersom eg hugsar det til i morgon.»
Nokre av dei som var russ i 1958:





Dill-Dall-Døloms annonsørar



Vi tek med nokre annonser frå russeavisa, som kanskje får mange til å minnast desse butikkane og kaféane som for lengst er borte.
Foto Rusten tok tidleg i bruk «skjønnheits filter».

Vi ønskjer alle ein riktig fin 17. mai, og årets russekull lykke til med russefeiringa!
![]()

0 Comments