Mangt og mykje anna enn mjølk

Eit under kva mjølkebilen fekk med seg

mjølkebil

Paul Henrik Hage: Mjølkebilen ved Kjørkjesletta, Sødorp 1953. Petter Brandvold/Nordgard nærmast, Oliver Beitmyren med grå hatt og pipe, Jon Steinhaugen ved sida av med ljos hatt, Ella Solbrå til høgre for Jon, Vegard Hage ved muren, Ragnvald Nygård er sjåføren som klatrar opp, Paul Lillegård/Skoghyttun og Ivar Løkken/Lykkjom med ryggen til bak bilen, Jon Bergset høgst på lasset, Astrid Korsgarden på sletta, Odd Iversen bak Jon Steinhaugen, Synnøve Solli lengst til høgre på planet, Anna Tokse til venstre for Maria.

Mjølkebilen var litt av eit fenomen og noko for seg sjølv. Dette bildet frå Paul Henrik Hage seier meir enn mange ord.  Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år, fortel Margit Lykkjom. Det var fullt av folk oppå lasteplanet, dei sat på spann og over alt, stod på stigbretta, unge som gamle. Vil du vera med, så heng på. Det var trauste og uredde sjåførar ved rattet. Vi får håpe det ikkje gjekk fortare enn 30 km/t. I dag hadde nok sjåføren mista førarkortet med eit slikt lass. Ole Petter Øyen har eit anbod frå 1947 på mjølkekøyringa. Herrane Øien og Skåden ville ha kr 3.50 for ein person frå Vinstra til Fryvoll:

Her er takstane på mjølka, gods og personer etter inngitt anbod april 1947. De var kanskje omlag dei same i 1953. Kjøyringa gjekk fram til 1973. Etter det vart det tankbil.

13062957_10207978799579499_7189293406928717407_o

12984042_10207978813379844_7326438426365122472_o

Publisert her første gong 18. april 2016

2 Comments

  1. Paul Henrik Hage

    Retting av namn på passasjer.
    Det er ikkje Maria Sandbakken lengst bak på planet, men Synnøve Solli. Synnøve var tanta til Per Ottesen som gav denne opplysninga i ein artikkel i Dølen der bildet var brukt.

Submit a Comment