Dei kvidde seg for kalde sengeklede

by | 19. feb 2023 | Jordbruk, Setring | 1 comment

Til fjells midtvinters for å hente fôr

rondanedrone
Tidene har endra seg på Haugsetra! Foto: Fredrik Weikle

FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i fjellet midtvinters vil aldri gå i gløymeboka for dei som tok del. Global oppvarming var den gongen eit ukjent omkved, temperaturen låg ofte ned mot minus 30, og snødjupna var sjeldan under ein meter, helst bortimot to. Frå heime på Kolon starta dei i 6-7 tida på morgonen og trong minst fire timar på å koma fram til Haugsetra. På vegen til Kvam sat dei som oftast på sledane, men termosko og dyneklede som pustar, var ukjent, kulda dreiv dei til fots resten av turen opp Veikeldalen og vidare innover.





Framme ved seterlåven var dei som regel både sveitte og varme. Dagane var da som nå stutte på den tida av året, ein rakk ikkje stort meir enn å grava seg fram til låven før mørkret fall på. I beste fall kom ein litt i veg med å lesse på sleden, men dette var eit omstendeleg og tidkrevjande arbeid, dersom dei ville forvisse seg om at heile lasset skulle koma trygt fram til bygda. Ofte var dei i veg med to hestar, og da vart det garantert overnatting. I slike situasjonar stod dyr og menneske nær kvarandre. Ein ville gje hestane stor omsut og fekk dei på stallen med eit teppe over, lenge før det kom på tale å fyre opp i omnen for eige velvære. Eit stor fange med godt seterhøy frekk dei også. Det var sjølvsagt like kaldt inne som ute. Helst kjende ein det enda kaldare innomhus før alt «slo seg», som dei sa, og gradestokken kraup over null. Ut over kvelden sat dei tett inn til peisen og kvidde seg for dei kalde og klamme sengekleda som venta. Søvnlause, kalde netter var vanleg i tillegg til alt slitet på dagtid. Men gleda over å få fram det fine seterhøyet til budskapen dreiv dei på nytt i veg, når treverket i låvegolvet heime kom til syne att, skrikande tomt og blankslitt. Den friske lufta av fjellhøyet fekk også desse slitarane til å gløyme tunge tak i snøkavet og kulda for ei stund. Også i tidlegare tider var det vanleg å dra til fjells midtvinters for å hente føde til dyra. Den gongen var det mose, samla saman på hausten og lagra på lett tilgjengelege stader. Fleire seterstular har sin «måsåplass».

Frå artikkelen «Haugseter på Kvamsfjellet» i Fronsbygdin 2008

1 Comment

  1. Ivar Myrrusten

    Jeg har jo vert med på høy kjøringen fra setra,siste tur var altid lille juleaften med og hente Juletre . Men det var jo en annen ting som også var veldig viktig og hente fra fjellet føre Jul før det ble for mye snø, Det var og hente måsså frå langt inne fjellet det var ofte tøft , du dro fra bygda tidlig på mårran pent ver og kom inn på fjellet i uver,måtte ofte stole på hesten fant veien inn til der måsså lassa sto og venta da

Submit a Comment