OSKAR LETRUD: I den heimen eg voks opp, var vi ein syskenflokk på heile ti ungar. Når eg skal fortelja litt om oppveksten til denne flokken, tenkjer eg mest på dei som er barn og ungdommar i dag. Eg vil tru at for dei vil mykje av det eg fortel, stå fram som eit eventyr. Vinteren 1937-38 budde vi i ei stove nord om Rustberget i Nord-Fron, «Taugstuggu». Her budde mor og far og fem born på to små rom. Far hadde mura opp eit lite fjøs av gråstein, der det var plass til to kyr og ein kvigekalv. Attåt hadde dei 4-5- sauer i fjøset sør på Rustberget. Mor hadde fylt 35 år den hausten og gjekk med sitt sjette barn, ein gut som vart fødd 13 månader etter den førre ungen.
Eg ser for meg mor, der ho gjekk og bar vatn til folk og dyr frå eit hol i isen på elva. Ho måtte ha med seg anten øks eller barkespade for å hogge opp att brunnen, som fraus til kvar natt. Ho fora dyra med høy og mose, som ho bar inn i dette vesle fjøset, der det var så lågt oppunder taket at ein knapt kunne gå oppreist. Parafinlykta var einaste lyskjelde.
Vi var på setra om sommaren, der eg au er fødd. Det var forresten setefødsel med ei gammal budeie som fødselshjelpar. Når vi skulle til setra med dyra, kjørte far seterlasset og hadde med seg kua. Mor gjekk ein snarveg om «Berget» og lokka som regel med seg ein gris eller to, mjølkebøtta med «Flittiglise» i hadde ho på armen, ofte ein liten unge i linde på ryggen og ein i handa. Mor fortalte mange gonger at om grisen tok ein liten avstikkar frå råket om våren, tok han same avstikkaren på nedtur om hausten, viss han var så heldig å overleva sommaren. Det hende grisen vart slakta på setra.
Mor var der med dyra og ungeflokken heile sommaren utan å vera nede i bygda att. Her gjekk livet med lyst og leik for oss barna, før vi voks til og måtte ta våre tak i slikt arbeid som vi kunne klare etter kvart.
Det var tre små vatn i nærleiken av setra, og der hadde vi båt. Eg drog opp mang ein abbor der. Det hende at far var med på fisking når han var oppe i helgene, og det er fine minne frå barndommen. Heldig er den som har fått oppleva livet med folk og dyr på setra.
Far dreiv for det meste i skogen og arbeidde mest for andre, men au noko i eigen skog for å ordne seg materialar til husbygging. I 1937 hadde mor og far kjøpt Enget av Olaf Forbrigd. Enget var eit lite jordstykke på vestsida av Laugen utan hus av noko slag.
Om sommaren 1938 hadde far fått opp huset, slik at vi kunne flytte inn her på Enget, da vi flytta ned frå setra om hausten. Det var storflaum det året, 27. – 29. august gjekk elva nesten inn til husa her. Det var ei lita tømrastove med to rom, men berre det eine rommet var ferdig, eit rom på vel 20 kvm. På dette rommet var vi da åtte personar den fyrste vinteren, i kombinert kjøkken, opphaldsrom og soverom. Inventaret var ei seng, slagbenk, kjøkkenbord, nokre stolar, vedkomfyr, ein liten kjøkkenbenk, klokke på veggen. Det var påbygd ein liten gang ved inngangsgdøra, og ved sidan av den ein lang , eit lite rom der det var oppbevara mat og klede. Under huset var det potetkjallar og bryggjarhus med takke, bakstereiskap og ei stor gryte.
Ei tom margarinkasse var festa med snorer i krokar oppunder taket. I den kassa vart den minste ungen plassert av og til. Dette virka da som ei huske. Når nokon gjekk forbi, var det greitt å gi den eit dytt. Samtidig var det betre temperatur der enn nede ved golvet for den som ikkje hadde kome seg på føtene enda. Den minste av ungane låg i senga saman med mor og far, to jenter låg i ein karm som vart skuva innunder senga om dagen, ei jente låg i slagbenken, og eg og eldste bror min låg i bryggjarhuset denne første vinteren vi budde her. Eg og broren hadde skinnfell som dyne. Om det var brukt av nokre av dei andre, hugsar eg ikkje. I staden for madrass var det brukt halm eller storr i sengane.
Vassbytta stod like innafor døra. Svært ofte når nokon kom inn, tok dei ausa, ei fortenna koparause som hekk ved sida av vassbytta, og tok seg ein sup. Om dei ikkje drakk opp alt, berre tømde dei vatnet ned i bytta att.
Det hende og at det var ein liten gris inne. Det var ofte slik at ei grisepurke på ein gard fekk fleire ungar enn ho hadde spenar til, så kunne ein få av dette overskotet. Denne grisen måtte ha det godt og varmt i tillegg til mat ofte. Da var det greit å ha han i ein ask i nærleiken av eller under komfyren. Når så denne kom seg til litt, var det moro å sleppe han ut på golvet. Da kunne det bli både ein vætdam og anna etter han.
Det andre rommet var ikkje ferdig i 1938. Det var lagt himling og stubbloft, men ikkje golvbord. Det var pålagt vrakbord og bakhon, slik at her hadde mor vev og far ein høvelbenk. I lange og mørke vinterkveldar var far ofte å finne ved høvelbenken. Han laga allslags kjørereiskap for hest, kjelkar til oss borna og mangt anna. Til ein slik stor barneflokk vart det ôg ein del sko som måtte ha nye solar og reparerast på andre måtar
Far hadde au flytta hit to små tømrafjos til kyrne og sauen. More klypte sauen, karda og spann, strikka og vov, sydde klede, laga mat, stelte born, bar vatn frå elva og stelte dyra. I tillegg var ho gravid, tredje året på rad. Det kom ein gut i august 1939.
Eg hugsar ein spesiell episode frå den sommaren. Ein dag bar mor leire opp på loftet, det vart brukt som isolasjon. Ho gjekk i stige og bar leira i sinkbytte. Da kom ei frå nabolaget og gav seg med i dette arbeidet, gravid ho ôg. Det var sikkert ein sterkgjord stige dei gjekk i. Dette var sist i mai eller fyrst i juni, og i siste halvdel av august fekk dei kvar sin gut.
Ein kan trygt seia at mor var ei hemsens kvinne. Det var tre år i desse tidene ho ikkje var så langt som på Vinstra.
Denne sommaren fekk far ferdig det andre rommet og eit rom oppe på loftet. Det vart betre med plass, men nå var vi blitt sju born, og i tillegg var bestemor her mye den vinteren.
Utdrag frå ein artikkel i Fronsbygdin 2007, publisert her første gong mars 2015
Greit aa bli paaminnet om at det var karrige kaar i store deler av Norge som innebar utroilg mye slit som mange vokste opp under… Spesielt de yngere burde bli paaminnet om at det ikke var en selvfoelge aa bli innlemmet I nyere generasjoners «oljebarn» – Til ettertanke og for aa sette pris paa dagens standard som er tatt for gitt !!
Morro og lese slik jeg er jo fra bygda tverres over fra Letrud men jeg visstv ikke at dere var 10 stk men det var jo slit hos dere som det var hos oss