Bli med til Lomsetrene på markavandring
Køyrer du Peer Gynt vegen forbi Lomsetra, blir du trulig imponert over det store dyrkingsfeltet der. Ein gong var det ei stor myr. I 1955 starta arbeidet med å gjere myra til dyrka mark. «Det mest imponerende dyrkingsfelt på fjellet i hele Norge». Sa ein professor på midten av 1950-talet. Du kan lese meir om historia til Lomsetrene i DØLEN. Bli med på ei markvandring her søndag 21. august kl 11. Ragnar-Tor Mariason og Lodver Bryhn fortel historia. Frammøte og parkering ved kontaineren i vegkrysset på Lomsetrene. Servering av kål og kaffe. Bomveg.
Tove Østby laga ein video om seterlivet med utgangspunkt i si eiga historie på Lomsetra:
0 Comments