Veit du noko om ei seter?

Historielaget arbeider med ei bok om alle setrene i Fron

Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen.

SVEIN JETLUND: Fron historielag har sett i gang eit arbeid som skal ende opp med ei bok med opplysningar og bilde av alle setrene (også heimsetrene) i Nord- og Sør-Fron.  Nabokommunane våre i nord og sør har gitt ut  slike bøker.
Dette blir eit stort arbeid og foreløpig er vi berre i kartleggingsfasa. Vi har så langt kartlagt 670 setre på 160 ulike seterstular. For å få til ei slik bok, er vi avhengig av godvilje og hjelp frå publikum og ikkje minst setereigarane. Det er viktig å få fram rette og interessante opplysningar om setrene. Alt er av interesse. Alt frå fakta og små anekdoter til lengre artiklar. Ein del av dei opprinnelege setrene er frådelt som hytte. Vi er interessert i informasjon om desse på lik linje med andre setre.Informasjonen kan du sende til oss på ulikt vis og på den måten som passar deg best. E-post til [email protected], ved å fylle ut dette skjemaet (https://arcg.is/1PG8nn0) eller brev til Svein Jetlund, Kongsvegen 430, 2647 Sør-Fron.


mange av seterstulane er det tidlegare skrive bøker og artiklar. Vi har oversikt over ein del, men langt frå alt. Send oss gjerne informasjon om kva som finst av slike skriftlege kjelder. Finst det hyttebok eller andre skriftleg dokumentasjon vi kan låne eller få kopi av, så sett vi pris på det.


Informasjonen kan du sende til oss på ulikt vis og på den måten som passar deg best. E-post til [email protected], ved å fylle ut dette skjemaet (https://arcg.is/1PG8nn0) eller brev til Svein Jetlund, Kongsvegen 430, 2647 Sør-Fron


Kart over dei setrene vi så langt har kartlagt finn du her

https://experience.arcgis.com/experience/423e1bd92498437cb203a7f5de9d41f8/

Du kan også melde inn til oss via lenker i dette kartet.

Foto frå Frå Rasmus Stauri/Vegar Skar


Det er sett ned ei prosjektgruppe med desse personane: Møyfrid Kalstadstuen, Arild Larshaugen, Elisabeth Ebbing, Johan Rusthage, Linda Myromslien og Svein Jetlund.

0 Comments

Submit a Comment