Velkomen sundag 25.6. kl 13!

På sundag kan det bli ei skikkeleg triveleg markavandring! Listad-gardane er stinne av historie. Sjå berre kva som hende under flaumen i 2013. Pilegrimsruta til Nidaros går over eigedomen der Listad-kyrkja ein gong stod. På Maihaugen er det eit lite klenodium av eit skrin. Det kjem truleg frå Listad-kyrkja. Frå omkring 1700 var Listad gjestgivargard og skyss-stasjon. 1883 overnatta dronning Sophie Wilhelmine på «proprietær Peter Jarmanns særdeles vakre gård Listad«. Du treff ikkje ho, men mange andre når du blir med på markavandring og historisk dag 25.06.23 kl. 13.00 Parkering til tilviste plassar på Listad. Vandringa går frå Nigard Listad gjennom prestegardshamninga til Garlaus. Deretter tilbake til Sygard Listad gjennom kjyrkjeflata. Etter vandringa er alle inviterte inn i fjoset til Liv og Finn på Sygard Listad for suppe og eit moderne historisk overblikk. Velkomen!
Så koselig