Godt frammøte på vellukka markvandring

TORMOD BRÅTEN: 60 historieinteresserte frøningar deltok sundag på ei svært vellukka markvandring midt i førkristent og middelalderens sentrum i Fron. Vi starta i tunet på Nigard Listad, der Geir Paulsrud tok oss attende til tida da Olav den heilage kvilte her, før han møtte Dale-Gudbrand på Hundorp. Vi gjekk så over hamnlykkja åt Prestgarden, der fekk vi sjå gamalt kulturlandskap og far etter det som truleg er den første køyrevegen gjennom bygda. Vegen vidare gjekk mot Garlaus og attende til Kyrkjeflata, ovanfor Listadgardane. Arild Berntsen fortalde at her kan kyrkja ha stått før reformasjonen, men det finst ikkje sikre kjelder som kan slå fast dette.

På veg attende åt Sygard Listad ser vi bort på kyrkjetomta, der ho låg fram til dagens kyrkje vart bygd. Mykje av inventaret frå den siste Listadkyrkja fins framleis rundt om på gardane i bygda. Altertavla er i bruk i Folldal kyrkje.
På tunet åt Sygard Listad fekk vi høyre historia om ein brunn som var grove fram att. Kor gamal denne kan vera, vert berre spekulasjonar.

Til slutt fekk vi servert den nyare Listad-historia, suppe, kaffe og kringle i fjoset åt Liv og Finn på Sygard Listad.
Takk til Geir Paulsrud og Arild Berntsen for god historieformidling i sumarvarmen. Og stor takk til Liv Bjerke og Finn Bjormyr for at dei tok så godt imot oss.
0 Comments