Kva veit du? Hjelp oss!

Fron historielag arbeider vidare med bok om setrene i Sør- og Nord-Fron. Det er godt over 700 kjente setre på 160 ulike seterstular. Kring jul gjekk det ut brev til alle eigarane (du kan lese det her), men vi manglar framleis mange svar. Vi oppmodar alle om å sende oss informasjon om setra si, eller andre setre og seterstular de kjenner godt. Informasjonen kan du sende til [email protected]. Alt er av interesse, men det viktigaste for oss er dei punkta som er lista opp i brevet (sjå lenken over) og da spesielt namn og alder på husa, ca årstalet da dei slutta med ku/geit på setra, namn på budeier/arbeidsfolk, og om det er spesielle historier knytta til setra/stulen. Litt informasjon er betre enn ingenting. Les meir om seterboka her. Vi høyrer gjerne frå deg og sett pris på bidraget til det som kjem til å bli ei god og viktig bok.
0 Comments