Vel møtt til dugnad på bygdatunet!

Bli med på ein triveleg kveld mandag 13. mai frå klokka 17 på bygdatunet på Vinstra. Entusiastane som bygde dette tunet på Sødorp, ville få til eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Kvar vår må det stell og dugnad til for å ta vare på historia, så det blir stelt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt historie, og folk som køyrer forbi, ser at det er frodig og godt stell. Det blir raking og rydding kring og i husa og i området ved Sula der oppgangssaga og kvernhuset står. Ola Skoe, leiar for bygdatunet, stiller med traktor og hengar for oppsamling av daugras og eventuelt søppel. Randi Skoe bakar ei kringle, og styret står for kaffi. Det kan bli ei triveleg stund med litt raking og bygdaprat og anna godt. Ta med rive og kopp. Velkomen!
0 Comments