Trass sludd og regnvêr, møtte 20 historieinteresserte markvandrarar opp ved Rudi gard laurdag.

Pål Skoe Kjorstad tok oss med på ei runde i Rysslands særprega kulturlandskap. Vi starta ved Rudi, og fekk høyre om opphavet til namnet Ryssland og historia om Rudigardane, så langt attende vi veit i dag. Vi stoppa i tunet på Midtre Rudi, med flotte bygningar og eit vakkert kulturlandskap. Øystein Rudi fortalde om endringa av Rudigardane, frå eit tradisjonelt jordbruk, til den kulturberaren det er i dag. Vidare forsette vi oppover til Bakstad og krysset der vegen mot Augla tek tå, den som mange brukte når dei skulle male korn i eit av dei mange kvernhusa her.
Ferda gjekk så vidare til Tåkåstadgardane, medan vi heile tida fekk høyre om slekter, brukarar, auksjonar, byte av setrer og inn- og utmark. Kommentarar frå vandrarane var det og rom for, som veghistorie og særprega fjøs og låvar.

Så gjekk turen nedover att til Kalvehamna ovanfor Kjorstadgardane. Pål legg ut om historiske funn, slekter, flytting av tun og ikkje minst utskifting av jordveg. Kjorstadgardane hadde på det meste 66 jordlappar på ymse stader, og kunne mest samanliknast med ein mellomeuropeisk landsby, der tuna låg samla og jordlappane fordelt utover, slik at alle skulle ha like mykje tå den likaste jorda. På bildet viser Pål fram korleis dei meiner Kjorstadgardane låg før utskiftinga.
No tek vi av frå vegen og vandrar pilegrimsleden over Lauvåa, der vi ser herjingane som ein «liten bekk» kan gjera, når forholda tilseier det, slik det var i 2023 då Lauvåa gjekk flaumstor og grov ut enorme masser. På tur nedover stopper vi ved kjempehaugen. Ein gravhaug frå jernalder, som ruvar i terrenget med sine 15 meter i diameter.


Vi er nå komne ned til Sygard Grytting. Stig Grytting, som tidlegare eigde og dreiv Sygard Grytting, fortel om gardane her og slektene som dei kan følgje langt attende i tid. Garden er kjend frå skriftlege kjelder attende åt 1300-talet, men utgravingar under bygging av nye E-6, viser at det her har vore gardsanlegg i langt tidlegare tider. Arkeologane frå Kulturhistorisk museum og Innlandet fylkeskommune avdekka mellom anna fleire langhus. Eit av dei oppsiktsvekkande stort.
Siste strekka går ovanfor Rolstadgardane, på den gamle kongevegen. Dei tre gardane ligg mest som eit klyngetun, og jordstykke fordelt ut frå tunet, slik det tidlegar óg var på Kjorstadgardane. Vi passerer Kleberhaugen, som truleg er ein stor gravhaug frå jernalder og kliv over steinmuren og kryssar jordet attende til Rudi.

Takk til alle som bidrog, men spesielt stor takk til Pål for mykje interessant historie og ein flott tur i eit særprega kulturlandskap. Det var nok mange fleir som kunne tenkt seg å vore med i dag, og vi vonar vi kan gjere oppatt turen under andre vêrforhold.
0 Comments