Vi inviterer til markdag i Ryssland, laurdag 24.05.25. Oppmøte på parkeringa til Rudi gard kl. 12.00

Pål Kjorstad følgjer deltakarane ein runde i Ryssland, frå Rudi, via Tåkåstad, Kjorstad, Grytting, Rolstad og attende til Rudi. Dei som helst ikkje vil gå, kan følgja ruta med bil, men frå Kjorstad vil ruta gå utanom bilveg.
Det vert fortalt om ymse tema kring og rundt dei gamle gardane i Ryssland og vi syner fram alle utanom Heggerud og Solbrå. Tema kan vera så mangt som oppdeling, deling av innmark, rettar i utmark, eigarforhold i gamal tid, slekt, ferdselsårer, kulturminne, dagens bruk o.s.b. Det vert stopp ved Rudi, ved Bakstad, ved Sygard Tåkåstad, ved Nordgard Tåkåstad, oggofor Kjorstadgardane, ved Kjempehaugen/Lauvåa, ved Sygard Grytting, ovanfor Rolstadgardane, ved Kleberhaugen og ved andre ønskje/spørsmål frå deltakarane.
Sjølve gangturen tek omlag 70 minutt, da er stoppa ikkje rekna med. Prøver å avslutta innan kl. 15.00, men alle skal få seia sitt.
0 Comments