
Klukka 04.26 gjev kommandanten på Oscarsborg festning, Oberst Birger Eriksen den korte ordren: «Det skal torpederes». Dette skjer etter at kanon ein og kanon to har fått inn kvar sin fulltreffar på den tyske kryssaren «Blücher» og klukka 06.21 synk «Blücher» i Oslofjorden. Dette sett ein førebels stoppar for den tyske invasjonen av Oslo.
Kva hadde skjedd om ikkje Oberst Eriksen hadde gjeve kommandoen om å opne eld mot dei tyske krigsskipa? Konge og regjering ville truleg ikkje greidd å flykte frå hovudstaden, og seinare kome seg over til England. Ein kan berre spekulera korleis den norske motstandskampen hadde vorte og kva slags rolle Noreg ville fått i andre verdskrig.
Sjå Stian Fosland sin film om hendingane i Oslofjorden natt til 9. april 1940 her:
0 Comments