Fronsbygdin 2021 blir lansert med ein innhaldsrik kveld!

«Nå som før er det nødvendig å kjenne si eiga historie om ein ikkje skal gå seg bort. Og for å sjå dei lange, store linene i histoira, er det nødvendig å kjenne alle de små puslespel-brikkene som lokalhistoria utgjer. Vi i redaksjonen er glade og stolte over å presentere nok ei årbok. Med heile 208 sider denne gongen.» Skriv redaksjonen i Fronsbygdin i forordet i årboka for 2021. Den blir lansert 28. oktober.
Det blir ein særs innhaldsrik kveld. Ola Breivega er født og oppvaksen på Fron, men bur i dag i Tønsberg. Han er filolog og målmann og var leiar i Noregs Mållag i perioden 1975–1977. I 2017 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Lutheri! Magister Kristofers memoarar. Like lite som gudbrandsdølane likte at Heilag Olav kom med kristentrua, like mykje motstand gjorde dei mot reformasjonen 500 år seinare. Med også det trusskiftet vart gjennomførd med tvang og vald. I Fronsbygdin 2021 har Ola Breivega ein artikkel om denne motreformasjonen. Han kjem på møtet og les frå artikkelen sin.
Øyvind Sund frå Nord-Fron er gitarist, visediktar og visesongar, teiknar og forfattar og har fått Spellmannsprisen og Prøysenprisen for visekunsten sin. Han kjem og syng boka inn.
Leiar i historielaget, Ole Christian Risdal, har minneord over Vegar Skar med bevis på æresmedlemskap.
Og så kjem sjølvsagt Gard Espeland og dansar seg gjennom artiklane. Rasmus Stauri er programleiar.
Kaffi og biteti. Møtestad: Storsalen på Dale-Gudbrands gard på Hundorp kl 19.00.
Oppe til høgre på denne sida ser du kor manga dagar som er att til lanseringa.
0 Comments