5000 kr for den beste!

371119-Video_CameraFron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet.

På nettsida digitaltfortalt.no kan du få idear og inspirasjon. Korleis det kan gjerast  og kanskje ikkje gjerast.

Videoen må ikkje innehalde musikk med opphavsrett. På nettsida soundcloud.com finn du musikk som er til fri bruk.

Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som ønskjer det, kan få tilbakemelding på idear og framlegg.

Konkurransen er open for alle med tilknytning til Fron.

Frist: Måndag 8. september 2014.

Vinnaren får kr 5000. 2. plass kr 3000. 3. plass kr 2000.  Vinnarane blir kåra på lanseringa av årboka Fronsbygdin 2014 i månadsskiftet okt/nov. Dei beste videoane bli presenterte på heimesida til historielaget.

Spørsmål? Kontakt

Ole Christian Risdal: olerisdal at hotmail.com      tlf:  +47 977 33 315

eller Carl Henrik Grøndahl: carl.grondahl at gmail.com    tlf: +47 482 46 498

0 Comments

Submit a Comment