90 NS-folk i Fron fekk dom

by | 9. mai 2015 | Krig | 0 comments

RAGNAR ØVRELID: Det vart ikkje lovlause dagar i Fron etter 8. mai 1945. Heimestyrkane drog rundt i bygda med lastebil og henta NS-folk, som skulle arresterast. Det vart ingen samanstøytar. I Sør-Fron arresterte dei 30 personar, ein del slapp fri med meldeplikt. I alt vart 51 personar, alle menn, sette i varetekt i Fron. Dei vart internerte i 14 dagar på Folkets hus på Harpefoss under nokså kummerlege forhold.

Sidan overførte politiet varetekstfangane til folkehøskolen i Ringebu. Der vart mange sittande i flerie månader. Dei som tenker tilbake på denne tida, klagar ikkje så mykje over den behandlinga dei fekk. Men maten var elendig, og det var alt for lite av den. Ein som sat der, gikk ned 20 kg i vekt på fire månader. Ut på hausten kom fangane i Trararo på Lillehammer og fekk det nokre betre i matvegen.

Det var kanskje verre for kone og barn som var att åleine heime, i somme tilfelle i årevis. Lensmann Teige i Nord-Fron prøvde å ta seg av dette. Alt i juni 1945 kontakta han politimeisteren om korleis dei kunne hjelpe huslydane til dei arresterte NS-folka. Politimeisteren måtte svare at han visste ikkje om annan måte å hjelpe på enn gjennom fattigstyret. Og ordføraren skreiv til fattigstyret:

Eg må derfor be Dykk ta Dykk av saka og skaffe N.N. sine born det som trengst.

Det var særleg ein familie som hadde store problem.

Også i Fron var det ein del jenter som hadde hatt omgang med tyskarane. Sort sett vart desse jentene behandla bra etter krigen. Men det forekom eit par uverdige tilfelle med jenter som fekk klipt av seg håret.

Rettsoppgjeret med NS og dei som elles hadde gitt «Fienden Bistand i Raad eller Daad» var ein enorm affære, og det tok lang tid.  I Oppland fylke arresterte dei 1300 NS-folk, halvdelen av dei fengsla var frå Gudbrandsdalen. Det fleste vart sette i arbeid, skog. og jordarbeid mest.

I Fron vart ein del av sakene lagde bort. Mange av dei som vart granska, vedtok førelegg, bøter eller inndragningar.  I Nord-Fron kom 35 av 79 etterforska saker for retten, knapt halvparten. Av dei 35 som kom for retten, var det berre ei kvinne. Forholdet er truleg det same for Sør-Fron.

Om lag 90 NS-folk i Fron fekk altså dom i rettsoppgjeret etter krigen. Ein del vart frifunne, og det vart mellom anna slått fast at det ikkje var straffbart å arbeide på tyske anlegg i krigsåra. Ein god del fekk berre bøter og inndraging av krigsforteneste. Mange fekk fengselstraff som tilsvara tida dei hadde site i varetekt sommaren 1945. Det hardast straffene var på fire år. Dei som fekk så harde straffer, var folk som hadde meldt frå om rømde russiske krigsfangar.

Somme fekk også tillegsstraffer. Gardbrukarar som hadde vore med i NS, vart såleis i flerie år haldne utanfor tilskotsordningar som staten gav til jordbruket.

Først i slutten av 1947 hadde alle ei tiltalte i Fron fått sakene sine prøvde. Og det ser ut til å vere slik her som det var andre stader, at straffene vart mildare etter kvart.

Begge lensmennene i Fron gjekk inn i NS, som så mange andre i politiet gjorde. Det blir sagt at dei melde seg inn på oppmoding frå framståande folk, slik at bygda skulle sleppe aggressive nazistar i stillingane. Lensmannen i Nord-Fron gikk av med pensjon i 1942 og meldte seg ut att. Ein ny NS-mann frå bygda sat i stillinga i eit år, sidan kom det NS-folk utanfrå. I Sør-Fron vart lensmannen ståande krigen ut. Han utførte arrestasjonar av fem jødar og ni andre i Sør-Fron. Jødane døde i tyske gasskammer. Retten fann at lensmannen hadde gått forsiktig fram med dei fleste arrestasjonane og varsla vedkommanda på førehand. Han slapp med å bli oppsagd som lenmann.

0 Comments

Submit a Comment