Om oss
Viktig frivillig innsats
Triveleg i lag
Grasrotandelen
Tipper du Lotto eller eit anna spel hos Norsk Tipping? Da kan du være med å støtte oss, ved å gi Grasrotandelen din til Fron historielag.
Styret
Styret har åtte medlemmer, fire frå Sør-Fron og fire frå Nord-Fron, med fire varamenn. Funksjonstida for medlemmane er to år, og for varamenn eitt år. Halve styret er på val kvart år.
Vedtekter
§1 Føremål
Fron Historielag skal vekke interesse for, og verne om minne frå den gamle kulturen i Sør- og Nord-Fron. Laget skal arbeide for et systematisk vedlikehald av Bygdatunet.
§2 Medlemskap
Alle som har betalt kontingent fastsett av årsmøtet, er medlem av laget.
§3 Årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av april. Formannen i styret skal kalla inn ved kunngjering i dei lokal blada for Gudbrandsdalen med minst 14 dagars varsel. Styret fastset tid og stad for møtet. Berre dei sakene som er nemnde i kunngjeringa skal behandlast på årsmøtet. Saker som nokon ønskjer å få teke opp på årsmøtet, må styret ha tre veker før årsmøtet.
§3.1 Ekstraordinært årsmøte skal haldast så ofte styret ønskjer det, eller når skriftleg krav blir sett fram av minst 10 medlemmer. Møtet skal kallast inn på same måte, og med same varsel som er fastsett for ordinært årsmøte.
§3.2 Årsmøtet er vedtaksført når minst 10 medlemmer er til stades. Møter ikkje mange nok medlemmer, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte, og dette er vedtaksført utan omsyn til kor mange medlemmer som møter.
§3.3 Styreformannen leiar drøftingane på møtet. Står røystene likt, gjer røysta til formannen utslaget, med unntak av val, der loddtrekking skal nyttast.
§3.4 Det ordinære årsmøtet skal
- Behandle årsmelding og revidert rekneskap.
- Velje styremedlemmer og varamenn. Ein halvpart frå Nord-Fron og ein halvpart frå Sør-Fron.
- Velje formann blant dei valde styremedlemmene.
- Velje revisorar.
- Velje eit medlem med varamann til valnemnda. (Valnemnda har fire medlemmer, der eitt medlem går ut kvart år).
- Velje styremedlemmer og varamenn for Bygdatunet, ein frå Nord-Fron, og ein frå Sør-Fron kvart år. Styret har fire årsmøtevalde medlemmer med funksjonstid på to år, og to varamenn med funksjonstid på eitt år. Kommunestyra i Nord-Fron og Sør-Fron vel eitt medlem kvar til styret i Bygdatunet.
- Behandle årsmelding for Bygdatunet.
- Behandle dei sakene som blir lagde fram av styret.
- Røysterett på årsmøtet har dei som har betalt medlemskontingent for det året årsmeldinga og rekneskap omhandlar.
§4 Styret
Styret har åtte medlemmer med fire varamenn. Funksjonstida for medlemmene er to år, og for varamenn eitt år. Halve styret er på val kvart år.
§4.1 For at eit styrevedtak skal vera gyldig, må minst fem styremedlemmer, møtande varamenn medrekna, røysta for det. Står røystene likt, gjer røysta til formannen utslaget. Styremøtet blir leidd av formannen.
§4.2 Styret skal
- Velje nestformann, kasserer, sekretær seg i mellom for eitt år om gongen.
- Styret skal leie lagsarbeidet, og avgjere alle saker som ikkje er lagt til årsmøtet.
- Gjennomføre vedtaka til årsmøtet.
- Førebu, og gje tilråding i dei sakene som skal leggast fram for årsmøtet.
- Leggje fram årsmelding og revidert rekneskap for årsmøtet.
- Styret kan velje nemnder for særskilde oppgåver.
§5 Oppløysing
Blir laget nedlagd anten ved årsmøtevedtak eller på annan måte, skal det siste styret melde frå til formannskap i Nord-Fron og Sør-Fron, som skal velje ei nemnd som skal ivareta lagets eige og interesser.
§6 Laget skal være medlem av Gudbrandsdal Historielag.
§7 Vedtektsendring
Endringar i vedtektene må vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal av dei som møter, etter at framlegget har vore fremja på et tidlegare årsmøte.
(Vedteke 15.04.04)
Styret

Pål Skoe Kjorstad
Leiar
Ansvarsområde: Slektsgransking, dokumentsamliga, gotisk skrift, markvandringar og bildesamlinga.
e-post: [email protected]
tlf.: 990 34 406

Tormod Bråten
Nestleiar
Ansvarsområde: Heimeside, Facebookside, bildesamlinga, Fron bygdatun, arkeologi og kulturminner.
e-post: [email protected]
tlf.: 905 53 320

Åge Jevne Hagestuen

Åmund Bækken Blakar

Egil Myhre
Styremedlem og bokansvarleg for Nord-Fron.
Ansvarsområde: Boksalg, boklager og medlemslister.
e-post: [email protected]
tlf.: 970 67 723

Møyfrid Kalstadstuen

Ragnhild Wadahl
Styremedlem og bokansvarleg for Sør-Fron.
Ansvarsområde: Bygningsvern, slektsgransking, arkeologi og kulturminner.
e-post: [email protected]
tlf.: 996 08 339

Marit Håkenstad
Varamedlem i styret
Anna Brandstad Lien | Per Seielstad | Per Oluf Solbrå | Aud Lunde Renshusløkken

Historia om logoen
I 1994 kom det framlegg om at historielaget måtte få seg ein logo, og fleire nemnde motivet i dørringen frå den gamle kongsgarden Steig, ein drake som bit seg sjølv i sporden. Det vart vedteke å lyse ut ein idékonkurranse, med utgangspunkt i denne dørringen – eller andre motiv.
Steig er nemnd i Heimskringla og var kongsgard frå omlag 1200 til 1600.
Eigaren av garden tidleg på 1000-tallet, Tord Guttormsen Istermage, var hovding over gudbrandsdølane og blant dei mektigaste menn i Gudbrandsdalen.
Tord Istermage gifta seg seinere med morsøster til Olav den heilage. Dei fekk ein son, som vart kala Tore frå Steig (Steigar-Tore). Tore var den fyrste rikspolitikaren frå Gudbrandsdalen og spela ein sentral rolle i norsk historie. Han fostra opp Håkon Magnusson Toresfostre på garden. Håkon vart seinare konge ein kort periode. Barnebarnet til Steigar-Tore, Ingebjørg Guttormsdatter, gifta seg med kong Øystein I Magnusson.
I 1996 kunne styret presentere den nye logoen. Den allsidige og originale kunsthandverkaren Ragnvald Frøysdal (1929-2003) teikna han.
Hvordan bidra?
Ta kontakt

Redaktør for denne nettsida
Carl Henrik Grøndahl
Trønder. Skribent. Tidlegare journalist og kritikar i Aftenposten, kulturredaktør og kanalsjef i NRK Radio.
Som produsent og dramatikar i NRK Radioteatret jobba han særleg med Henrik Ibsen.
Han har gitt ut fleire bøker, bl.a. om teater, om Sigrid Undset, om Kringkastingsorkestret og om lokalhistorie. Og har skrive fleire høyrespelseriar for Radioteatret.
Oppretta denne heimesida i 2013.