Flott tur til Hillingen

by | 14. sep 2020 | Informasjon, Krig | 0 comments

Ole Chr. Risdal: Praktfullt haustvér, triveleg sosialt samvær og verdigheit danna ramma rundt den flotte turen til Hillingen i går. Trass dette var vi berre 12-13 markvandrarar som fekk oppleve dette.

Halfdan Haanshus la ned blomar ved minnetavla, sette i gang eitt minutt stille og gjorde greie for kva som skjedde her den 26. april 1940.

Da vi kom fram til setra, la Halfdan Haanshus ned blomar ved minnetavla og sette i gang eitt minutt stille. Etter at vi hadde kosa oss med mat og kaffi, heldt Haanshus eit flott foredrag om det som skjedde her den 26. april 1940. Haanshus var i mange år aktiv i den no nedlagde forsvarsforeininga. Det vart gjort videoopptak av dette, men det blei dessverre ikkje med alt. Dessutan var lydkvaliteten ikkje den beste. Derfor skildrar vi med ord den dramatikken som utspelte seg på Hillingen.

Motstandsmennene Torolf W. Bjørnsgaard f. 1903, Mikal Mølmen f. 1913 og Harry Gether Rønning f. 1920 var tilslutta oberst Dahl under kampane i Gausdal. I samband med at gruppe Dahl skulle overførast til Gudbrandsdalen, tok truleg desse tre seg over fjellet for så å kome i kontakt med norske styrkar i nærleiken av Kvam. Dei kom seg opp til Hillingen seter og gøymde seg i låven der. Omtrent samtidig med dette hadde ein tysk bergjegarbataljon fått eit spesialoppdrag ved Kvam. Dei gjekk oppover mot Hillingen i fjellformasjon. Dei tre nordmennene fekk beskjed om at tyskarane var på veg og hadde såleis moglegheit til å kome seg unna, men dei valde å ta opp kampen mot overmakta. Da dei såg dei fyrste tyskarane, la dei an å skyte og klarte å gje ein korporal eit alvorleg skot i låret. Tyskarane svara da med å kaste handgranatar mot låven, slik at nordmennene måtte kome seg ut. Det vart rått parti. Omlag 50 tungt væpna tyske spesialsoldatar mot tre nordmenn med rifler (Krag-Jørgensen). Det gjekk ikkje lenge før dei vart meia ned og låg att døde i snøen. Dei hadde ofra alt for fedrelandet! Hendinga er også eit døme på at val av annan strategi kunne sørga for eit anna utfall. Ei norsk avdeling som var på Otta hadde høyrt at tyskarane var på veg til Hillingen. Dei vart køyrt opp til Mysuseter og skulle gå på ski til Kvam. Dette gjorde at dei brukte 14 timar før dei kom fram til Hillingen. Da fann dei desse tre døde utanfor låven, og skjønte fort kva som hadde skjedd. Denne avdelinga bestod av 40-50 mann under leiing av Paul Jørgenvåg, og var utstyrt med maskingevær. Det er fleire som peikar på at visst desse hadde vorte transportert til Kvam og opp Veikledalen, hadde dei hatt tid på seg til å finne ei meir effektiv overfallsstilling enn Hillingen, og kunne saman med med Mølmen, Bjørnsgaard og Gether Rønning teke knekken på den tyske avdelinga. Eit slikt utsegn refererer også militærhistorikaren Frank Magnes til i boka «Kampene i Gudbrandsdalen 1940.

Det var også norske vitne til det som skjedde. Da bygdefolket skjønte at Kvam ville bli ein krigsskodeplass, tok dei seg til fjells. 10-12 personar rømde i all hast opp til Hillingen natt til 25. april. Desse var i selet da dramaet utspann seg. Oline Bakken på ti år stod i vindauget og såg at dei tre blei blei brutalt nedslakta. Mary Kitty Marsteinstredet (født Støstad) var berre seks månader. Ho vart lagt i eit mysusmørtrau og ein liten gutonge vart lagt i ei jerngryte med lokk på. Da skytinga starta blei jenta lagt på golvet med trauet over seg. I skotvekslinga var det fleire skot som slo gjennom veggane, og trauet med Mary under fekk ei rift på eine sida! Til slutt gjekk Anton Bakken (far til Oline) ut og vifta med ein kvit duk og redda med stor sannsynlegheit fleire liv. Ein av dei som var der skulle likevel miste livet dagen etterpå. Mari Bakken, 70 år, var mormor til Mary Kitty. Ho var svært bekymra for dyra som var att nede i bygda, og ho ville ned for å mjølke og stelle dei. Dei andre prøvde å rå ho ifrå dette, men ho la i veg likevel. Ho kom ikkje opp att og da var det nokon som gjekk ned for å leite, men fann ho ikkje. Etter at dei hadde stelt dyra, måtte dei berre gå opp til Hillingen att. Neste morgon gjekk sonen hennar, Gunnar Bakken, ned for å leite meir. Da fann han ho død mellom våningshuset og fjøset. Det viste seg at ei kule hadde gått gjennom armen og inn i hjarta. Det er som Frank Magnes skriv i boka si: «Nok et bevis på folkemord utført av tyske soldater under felttoget. Det er fullstendig meningsløst å skyte ei gammel budeie på sitt eget gårdstun.» Mari var ein av tre sivilistar frå Kvam som måtte bøte med livet i aprildagane 1940. Dei to andre var Petter Klomstad og ein danske som heitte Søren Sørensen. Klomstad vart treft av granatsplintar da han skulle prøve å redde fjøset sitt frå å brenne ned. Sørensen var brukar på Svarthaugen på Brekka. Han hadde evakuert til nabobruket, og da han såg at tyskarane hadde sett fyr på garden hans, flaug han ned for å prøve og redde dyra sine. Men han vart fort teken hand om av tyskarane og deretter regelrett henretta.  

I dag er det vanskeleg å fatte kva for lidingar, brutalitet og redslar folk vart utsett for under krigen. Derfor er det ufatteleg viktig at vi aldri gløymer kva som skjedde, og at vi held fram med å minnast og heidre dei  – og særleg dei som ofra livet sitt for Noreg!

Foto: Olaf Giverhaug

Kjelde: Kampene i Gudbrandsdalen 1940 av Frank Magnes (2020)

 

 

0 Comments

Submit a Comment