Nå er boka her!

Smekkfullt i Inntunet ved lanseringa

Henriette Aasen frå Innlandet fylkeskommune fortalde om hellemåleria i Espedalen.

Det vil seie så mange som smittevernreglane tillet. 🙂 Dei frammøtte fekk levande og godt møte med folk som jakta i Skåbu for bortimot 10 000 år sidan og teikna elg og bjørn på bergvegg ved Espedalsvatnet. Roger Slåstuen fortalde gode historier om spelmannen Torger Iverstugun og spelte så det kvein gjennom stolradane. Og Gard Espeland bygde godt opp under lysten til å lese dei allsidige artiklane i boka. Meir dekning av møtet på denne heimesida i morgon.

0 Comments

Submit a Comment