Du møter ho i biblioteket på Vinstra torsdag 27. oktober

Den kvinna som tittar ut gjennom vindauget på mjølkebilen. Kven er ho? Ta turen torsdag 27. oktober kl 19 til biblioteket på Vinstra. Der kan du få Fronsbygdin 2022 i handa for første gong. Det er alltid triveleg når redaktørane legg fram det dei har jobba godt med siste året, ei innhaldsrik årbok med stimulerande lesestoff. I år åpner boka med ei kvinne du kanskje ikkje har hørt så mykje om: Anka Borch, som skeiv mange barne- og ungdomsbøker på midten av 1900-talet. Særleg kjend for småbarnsbøker lagt til eit harmonisk bygdemiljø. Ikkje minst gjeld det dei tre fjøsnissebøkene To små fjøsnisser (1943), Trollet i Nåsafjellet (1944) og Huldra i byen (1945). (Og boka Amor i beksøm.) Kva gjer ho så i Fronsbygdin? Jo, ho henta mykje av stoffet sitt frå Pinsetra ved Koltjønnhaugen på Sødorpkjølen! Åge Jevne Hagestuen har skrive ei god historie om Anka Borch. Ein av mange grunnar til å sikre seg Fronsbygdin 2022!
0 Comments