Veit du noko om Kooperativen?

by | 5. mai 2025 | Handel, Verksemder | 0 comments

Fron ysteri og Odenvollen (Orvoll) til venstre. Bilde frå midt på 1960-talet.

Gunnar Lien: Martin Sveiverud (1860-1932) og kona Antonette Sveiverud (1855-1933) flytta frå Åsmarka i Ringsaker til Sør-Fron ein gong mellom folketeljingane  i 1910 og 1920. Dei flytta da inn på gardsbruket øvre Joten der Harald Joten f. 1870 var brukar. Harald Joten var bror til den meir kjende smeden Hans Joten som da bodde i Svingen. I øvre Joten dreiv Martin Sveiverud som smed. Ettersom mor mi fortalde var han ein ihuga kommunist. Men han las nok ikkje berre Marx og Lenin. Mor fortalde at da han la opp vatn på kjøkkenet på Rolstad, var både han og morfar min, Ole Rolstad (1856-1937) svært opptekne av bøkene og ideane til Bertram Dybwad Brockmann (1881-1956).  Etter krigen har Dybwad Brockmann og ideane hans nesten heilt gått i gløymeboka. Mykje av det skuldast nok at han var innom eit medlemskap i NS under krigen.

Martin Sveiverud skulle etter som mor fortalde vera ein av drivkreftene bak den fyrste kooperative butikken på Sør-Fron. Denne butikken låg på Odenvolden rett utafor ysteriet i det huset som Magne Oden seinare bodde i. Men dette kooperative føretaket vart mislykka, det fekk berre ei stutt levetid. Mykje skuldast det at Redvald Rolstad som dreiv butikk på Jensbakken, opna filial nede på Breivegen i det gule huset der det både har vore postmottak og ekspedisjon for jernbanen. Dette som andre mislykka prosjekt, blir ofte tia i hel i ettertida.

Martin og Antonette Sveiverud hadde fire døtre, fødde mellom 1881 og 1890. Dei var alle vaksne og utfløtt da foreldra kom til Sør-Fron. Men den yngste dottera Anna (1890-1973) bodde ei tid hos foreldra på Sør-Fron. Og denne Anna er den som vart så kjend som Anna i Ødemarka ved boka til Dagfinn Grønoset i 1972. I 1910 fekk Anna ei dotter med ein som heitte Mikael Andreassen. Denne dottera, Aslaug Mikkelsen (1910-1967), vart fyrst bortsett, men kom seinare til besteforeldra sine, i øvre Joten. I 1920, 10 år gamal, er ho skulejente og bor hos besteforeldra sine Martin og Antonette. I 1925, 15 år gamal, har ho flytta til Fagernes og vart seinare gift med ein som heitte Karl Sollien.

Anna var ei tid tenestejente på Stokke medan ho var på Sør-Fron. Hjørdis Stokke f. 1905 som var husmorvikar, kjende ho att med det same ho fekk sjå ho på TV i 1972. Mor meinte at ho rett og slett vart kasta ut av heimen av dei strenge foreldra sine og at ho utover hausten bodde i ei barhytte saman med Mathias Karlsen Kvigstadhagen. Hjørdis Stokke hugsa at ho var så trøtt om dagen av di ho hadde ståka oppe om natta.

Musikaren Oddvar Nygård hadde saman med Dagfinn Grønoset besøkt Anna etter at ho hadde vorte kjend over heile landet. Oddvar hadde vel da komponert ein vals for ho, og da fortalde ho som riktig var, at foreldra hennar var gravlagde på Sør-Fron.

Magnus Åbakken (1901-1997) fortalde ein gong at Anna skulle hatt ein relasjon (som det heiter på politispråket) til ein som heitte Mathias Thrane. Denne Mathias Thrane var truleg ein landstrykar som oppheldt seg i distriktet her ei tid. På dette siste er eg på gyngande grunn.

Veit du noko om det eg har skrivi her, så skriv ein kommentar i denne spalta, eller kontakte meg på e-post eller telefon.

Alt er av interesse.

Gunnar Lien

e-post: [email protected]

tlf. 909 68 225

0 Comments

Submit a Comment