Toksegardane kring 1900

by | 13. jan 2026 | Vekas bilde | 0 comments

Dette bildet er truleg tatt kring 1900. I framgrunnen ser vi den gamle Sødorpvegen i delet mellom Skoe- og Brandvoldsgardane. I bakgrunnen ligg Nigard Tokse nærast og Nordgard Tokse med den store eplehagen, som Paul Henrik Hage skreiv om i Fronsbygdin 2022 «Gamalapalen på Øvre Sandbakken». Vi kan òg skimte to eller tre hus på det som var Uppigard Tokse. Uppigard Tokse vart seld og delt opp mellom dei to andre gardane i 1864. Det eine huset vi ser på Uppigard, vart flytta nedst i eplehagen på Nordgard Tokse tidleg på 1900-tallet, og står der den dag i dag. Fotograf: H.H. Lie

Loading

0 Comments

Submit a Comment