Peer Gynt Cafeteria

by | 21. jun 2026 | Vekas bilde | 0 comments

I samband med byvandringa vår førre sundag, fekk mange av bilda på framsyninga stor merksemd. Eg har derfor prøvd meg på å fargelegge eit bilde frå Peer Gynt Cafeteria på Vinstra samvirkelag i Nedregata – 1957. Om bildet treff heilt med fargane er eg ikkje sikker på, da eg sjølv ikkje kjem i haug korleis det var her. Om noko er vorte heilt feil, sei i frå så skal eg freiste retta det opp. Foto: Carl Norman. Bildet er lånt frå Nasjonalbiblioteket.

Loading

0 Comments

Submit a Comment