
Frå Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 24.06.1989: «Dette bilete som vi brakte i nr. 1021 og hvor tre personer var kjente, vekte til live mange minner hjå ein av lesarane våre – Ola Rønningen på Fåvang, men heller ikkje han veit kven dei to kvinnene t.v. er. Han fortel at på den tida bilete vart tatt 1910-12, var Per Strand frå Vågå lærar i Liene skule på Sør-Fron. Han var indremisjonsmann og heldt tidt og ofte møte i Kjønsågrenda i Ringebu. I denne tidsbolken hadde han med seg fem ungdomar, tenåringar, som han truleg sjølv hadde lært å spele. Det var to som ikkje er med på dette bilete, Josef Bue (16 år) som spelte fele og som seinare vart lærar i Nordre Vekkkom, Ringebu, og Anders Haverstad (13 år), seinare kjend byggmeister i Vålebru og som spelte mandolin.
Dei to karane som sit foran, Olav Kvernes (t.v.) spelte fele, Johan H. Olstadhagen fløyte og Alvhilde Fosse mandolin. Alle desse tre reiste truleg til USA, men Kvernes var heime att ein snøggtur i 1927-28.
Den gongen desse musikarane opptredde, var vi ikkje overfora med musikk, så vi borna sprang mest skoane av oss for å få sjå og høyre dette vedunderet, for eit vedunder var det for oss born den gongen, fortel Rønningen.»
![]()

0 Comments