Ole Chr. Risdal: Forholdet mellom valdrisar og frøningar har ikkje alltid vore det beste. Årsaka til det har i fyrste rekkje vore ein langvarig strid om retten til jakt og fiske i Jotunheimens forgard. Mest kjent i denne samanheng er nok den dramatiske historia som er knytta til Ridderspranget ved Sjoa. Den gongen gjaldt det fiskeretten på Heimdalsvatnet. Men også andre fiskevatn har gjennom tida vore åstad for fleire slag mellom desse naboane.
Striden skriv seg truleg frå 1300-talet. Det fyrste dramatiske slaget vi høyrer om er om ein ung gut frå Ulberg på Sør-Fron som hadde opphalde seg i ei fiskebu ved Innbuvatn, og som vart skote i hel i 1468. Det vart straffesak, og drapsmennene vart straffa med ei bot på 160 alen vadmel.
«Krigen» i gang
Grensa borte i fjellet mellom Fron og Østre Slidre i Valdres går over nokre av Vinstervatna, og om deira plassering i terrenget har det i uminnelege tider vore tvist, i det kvar av partane har påstått at dei ligg på deira side av grensa. Ved ein lagtingsdom i 1597 vart eineretten til fiske i båe desse vatna tilkjent Fron. Året etter la valdrisane fram eit dokument der det kom fram at det var inngått eit forlik, der Fron skulle ha avstått sin rett til Østre Slidre. Dette dokumentet har frøningane påstått har komme i stand utan deira samtykke, og har følgjeleg heller ikkje ville rette seg deretter. Valdrisane greip da til neveretten for på den måten å halde frøningane borte frå fiskevatna. Dermed var «krigen» i gang.
Fleire samanstøyt
Antakeleg har det i det 17. og 18. hundreår funne stad ei rekkje samanstøyt som er gått i gløymeboka. Det er berre det namngjetne oppgjeret mellom «Londestyggen» og valdrisane som har halde seg på folkemunne. Det eigentlege namnet hans var visst Jo Lunde, og han kom frå Ruste i Nord-Fron. Det var nok valdrisane som hadde sett på han dette styggenamnet. Han budde i Lundebua ved Sandvatnet, der han dreiv stort fiske både her og på Innbuvatnet. Dette gjorde at han vart hata av valdrisane. Ein gong hadde fleire av desse funne ut at dei skulle besøkje han i bua for å ta eit oppgjer. Dei trefte han sitjande i budøra med ei stor øks i handa, og det vart nok ikkje lange akkederinga før valdrisane måtte ta beina fatt. Ein av dei sa seinare: «Det va ein styggemann denne Londemannen, og ei styggøks hadde han også».
Ein annan gong kom ein heil flokk valdrisar setjande imot han medan han gjekk og såg etter isonglane sine på Sandvatnet. Da han fekk sjå dei eit stykkje unna, sette han i gang med å hogge eit rommeleg hol i isen, og da dei kom nærare begynte han å lange etter dei med isøksa. Valdrisane var heller ikkje da seine om å setje på flukt. Ein av dei hadde han vore så nære at øksa gjorde ei flenge i skoen hans.
Så var det ein gong at det hadde vorte borte ein del matvarer frå bua hans. Han drog da ut på ransaking, og kom til ei bu på vestsida av Sandvatnet, der nokre av valdrisane heldt til. Kva som eigentleg foregjekk her er ikkje kjent, men da ein ifrå selskapet, som hadde vore borte, kom attende, fortalte kameraten hans at dei hadde hatt besøk av «Styggen»: «Han skulda oss for at me hadde teke frå hono ein dunk til å ha melk i, ein fleskerande og eit ostespann som va så forferdeleg velgjurda. «De måtte da tak ‘n», sa den andre. «Ja, ‘n va go» å taka skull du ha sett, armadn på hono var som firhogne grindhakar, kar!», fekk han til svar.

«Raggen». Elvestubben mellom Sandvatnet og Kaldfjorden, ikkje langt frå «Londbuene». Det var her denne berykta «Lundestyggen» heldt til under striden med valdrisane. Måleri av Sigmund Hernæs.
Dei komande hendingane er dei som har halde seg best i folk si erindring, da dei fann stad i fyrste halvdel av 1800-talet. To fiskarar og skyttarar, namngjetne menn som Anders Korstadhagen 1752-1835 frå Sør-Fron og Ellev Moen 1770-1857 frå Skåbu, vart overfalne av nokre valdrisar bortved Innbutangen mellom Innbuvatn og Kaldfjorden. Båe var rundt 60 år, og såleis mindre skikka til å bite ifrå seg. Det er ikkje kjent kor mange det var av valdrisane, berre ein er nemnt ved namn. Han var frå Sæli i Østre Slidre, og er nemnt som «Stor-Sælin». Dei traff fyrst han Ellev, som nok fann det fåfengt å kjempe imot overmakta, og han la seg derfor roleg. Ein ifrå følgjet fekk i oppdrag å passe på han, medan dei andre skulle oppsøkje han Anders. Det gjorde dei også med det resultat at han vart mishandla. Mellom anna fekk han brote av ein arm, og det var «Stor-Sælin» som stod bak dette. Valdrisen som skulle passe på han Ellev, ville også vere kar. Han begynte å knefare han, men det var nok berre ein spurv til kar, ettersom han Ellev sa: «É låg å drog på kniven, men når du itte e likar kæinn du hælle på, tænkte é». Etter dette vart det også rettssak, men utfallet er ikkje kjent.
Stort slag
Så var det storslaget på Sandvatnet som fann stad noko seinare. Der var det fire menn frå Fron, nemleg brørne Ole og Lars Smelien f. 1839? frå Gausdal, men som på denne tida oppheldt seg i Fron. Dei to andre var brørne Ole f. ca. 1788 og Hans Lien f. ca. 1794 frå Skåbu. Ole var forresten ein framifrå klokkemakar. Klokkene hans var i hovudsak laga av tre, til og med innretninga, og det finst att klokker etter han enda den dag i dag. Medan dei heldt på å sette isonglar på Sandvatnet, kom det ein stor flokk med valdrisar over dei. Blant desse er berre to nemnt ved namn, nemleg «Stor Sælin» og Torger Alvstad som skulle vere den beste karen. Hans Lien kom seg vekk i tide, men dei tre andre vart kringsett av valdrisane, og hadde ikkje anna råd enn å ta opp kampen. Torger Alvstad angreip Ole Lien, men fekk slik golving at det stod roser i isen omkring han. Valdrisane vart så handfalne da dei såg den vesle klokkemakaren handterte den sterkaste karen deira, at ingen av dei våga å gå på han. Ole kom seg uskadd ut av kampen, og vart i lang tid omtala som den beste karen blant dølane. Det var nok elles Ole Smelien som var den farlegaste karen blant desse. Han rydda ikring seg med isbila, slik at motstandarane ikkje kom det halve nær han. «Stor Sælin», som var svært hissig og uvørden, heldt seg nok lengst framme. Han fekk brote av den eine armen, og fekk ein støyt i magen av den kvasslipte isbila, slik at den eine knappen i bukselinninga vart kløyvd i to. Dersom ikkje knappen hadde dempa støyten, hadde ikkje «Stor Sælin» kome frå der med livet i behald. Da Smelien hadde rydda opp blant motstandarane, flykta han til Kubbosbua der han budde. Men da valdrisane var nær innpå han, stansa han ikkje i bua, men greip med seg tre ladde børser og sprang ut i ein båt, og rodde ut på Kubbosen. Det er ein straum mellom Kaldfjorden og Øyvatnet, der det som regel er ope vatn lenge etter at isen har lagt seg omkring. Der oppheldt han seg langt utover natta, da forfølgjarane heldt seg i nærleiken og venta på at han skulle kome i land. Fyrst ut på morgonen kom han seg til Øyvassosen, der kameratane hans var komne. Om bror hans, den unge Lars Smelien, var kome dit, eller korleis han kom seg til huset, er usikkert. Han låg att fordervaslegen på isen da dei andre flykta. Mellom anna var det eine kjevebeinet brote av. Han kom seg nokonlunde, men døydde forholdsvis ung, og det var alminneleg oppfatning at den mishandlinga han var utsett for, hadde framskunda bortgangen hans.
«Djevel’n regjere»
Fleire år etter dette var ein kar frå Skåbu saman med den gamle Ole Viken ved Øyvassosen. Ein gong hadde dei besøk av nokre valdrisar, og medan dei i all gemyttlegheit satt og prata om ditt og datt, kom praten også inn på slagsmålet på Sandvatnet. Den eine valdrisen sa følgjande: «De va nok ei guds lykke at ikkje Smelien støtte isbila si i magen på «Stor Sælin». Da brast det ut av den gamle Ole: » De va djevel’n regjere mé de «n skull gjort».
Omlag på denne tida pågjekk det ein prosess om fisket på Sandvatnet. Valdrisane hadde teke ein del fiskegarn som var sett ut der, og som høyrde til gardbrukar og stortingsmann Østen Skaaden (Bø) f. 1777. Det vart prosedert om dette, og ved dom i 1835 vart valdrisane forplikta under ei daglegmulkt å levere attende garna.
Kvekt møte
Under ei åstadsforretning i høve denne saka, kom partane i ein heftig disputt, og ein av valdrisane vart så hissig at han ville gå laus på Østen P. Skaaden, men brorson hans, Paul J. Bø frå Ruste f. ca. 1799, ein stor og ualminneleg sterk, men godmodig mann, tok valdrisen og la han pent over ein stor jordfast stein. Der vart han halde fast inntil steinen heilt til han vart snill gut att. Paul Skaaden (Skoe), son av den omtala Østen Skaaden, dreiv ofte fiske på Sandvatnet, og valdrisane prøvde nok å skremme han bort frå der. Ein gong skaut dei hol i båten hans, men til større spetakkel kom det ikkje. Det som kanskje ergra valdrisane mest, var at han gong etter gong øydela fiskeslåene dei hadde laga i småosane i elvestryket mellom Innbuvatnet og Kaldfjorden. Dette fordi ein meinte desse låg på Fronssida, og dels fordi dei hindra fiskarane si farting mellom vatna. Bruken av slike fiskeslåer var ein effektiv måte å drive fiske på. Det fungerte på den måten at vatnet vart leia ut på ei rist, og når vatnet rann ut vart fisken liggjande att på denne rista. Ettersom det var helling på rista, hamna fisken i ei stor kasse til slutt. I denne kassa var det såpass med vatn at fisken heldt seg i live til folk kom for å hente den.
Ordkrig
Ein gong i byrjinga av 1870-åra prøvde valdrisane å få Peder Skaaden under tiltale, og under eit forhøyr innrømde han at han hadde øydelagd desse fiskeslåene, og at han ville vere der så lenge han orka. Saka kom ikkje vidare, men han Paul heldt nok det han hadde lova etter som det er fortalt. Seinare skreiv Paul dette på døra til ei valdresbu:
«Valdresen med sin vide brok
han lyg og stæl i hver en krok
hvor han i verden vanker
luve har han som en smurningskopp
den sett han på sin lodne topp
når han etter vegom rekkjer
vesten som skal være kvit
er overalt beklint med skit
kniver har han både to og tre
som når han fra belte ned til kne
dem bruker han på folket—–»
Det var noko meir, blant anna noko til ein namngjeten person, men ordlyden er gløymt. Ei tid seinare vart det på ei nausterdør ved Hersjøen, der Paul pleidde å bu, skrive følgjande:
«Paul Skaaden, den stride kar
han sjøl skal Gamle-Erik ha
det er for oss så meget bra
at han ned til Helvete skal dra»
Grensespørsmålet avklart
Mot slutten av 1800-talet var grensespørsmålet framleis svevande. Men stridsøksa hadde da vore nedgraven i mange år, og somme fiskarar frå båe sider hadde så vidt hatt venskapeleg omgang. Grensetvisten var da overlate til avgjerd hos Høgfjellskommisjonen, men det skulle ta lang tid før saka blei avgjort. I 1941 vann frøningane saka om fiskeretten i Sandvatnet. Dette gjaldt både nørdre og søre vatnet. Dermed gjekk gudbrandsdølane sigrande ut av denne langvarige striden. I 1958 vart endeleg grensa mellom Øystre Slidre og Nord-Fron fastsett:
Etter dette har forholdet og samarbeidet mellom valdrisar og frøningar vore særs godt, til og med når det gjeld jakt og fiske. Om det skulle vere noko krangling, må det i tilfelle vere i samband med spørsmålet om kven som la ned den fyrste rakefisken!
Kjelder
Torger T. Risdal sine samlingar
Fronsbygdin av Ivar Kleiven.
Avisa «Valdres» 01.11.1941
Hei
Hva er det som skjer her. For meg og flere til ble det ikke mye påskekrim av denne meldingen.Denne e-posten forblir helt blank uansett hvor jeg forsøker å klikke, f.eks les meir, vis i nettleser osv.
Jeg vet at det også er andre som har samme problemet.
Forsøk på å gå inn på historielaget hjemmeside gir akkurat samme resultat; kommer ikke inn.
Med hilsen
Steinar Morken