
Gamle Fron spelemannslag i 1972. Frå venstre: Harald Haug (Vågå), Arne Vangen (Harpefoss), Ragnar Fosse (Skåbu), Paul Brenna (Ruste), Paul Brenden (Skåbu), Terje Bronken (Vågå), Ola Morken (Ruste), Arne Risdal (Skåbu), Iver Fosse (Skåbu) og i midten fremst, Hans Petter Kleiven (Vinstra). Bildet er teke utanfor Vinstra vidaregåande, truleg i samband Peer Gynt-stemnet. Dette året var det ingen aktivitet i Vågå spelemannslag, og det var derfor Harald Haug og Terje Bronken var med.
I 1974/75 var det faste radioinnslag frå den legendariske Heide-butikken i Skåbu. Det var NRK-mannen Arvid Møller som laga desse programma. Han hadde hytte i fjellbygda og kjende såleis bygdefolket godt. På butikken intervjua han forskjellige personar som var innom. Som regel var det bestemte tema og diskusjonar om ymse ting. I samband med dette vart det spelt musikk frå bygda. Fron spelemannslag hadde ofte øving på Samvirkelagskaféen og det var naturleg å hente musikk frå der. Her spelar dei ein tradisjonell reinlendar frå Fron, Liv i fillom. Opptaket av NRK-sendinga vart gjort med ein gammal bandspelar, og er derfor ikkje av beste kvalitet.
0 Comments