Å gå med klufta

by | 17. jan 2014 | Biografiar, Folketru | 0 comments

Emil Holen – og slik held han klufta.

 EIVIND HOLEN: Klufta, eller ønskekvisten, har vore mykje omdiskutert. Mange oppfattar vel klufta som rein humbug. Sikkert er det at mye vatn har vorte funne i bygdene våre med dette hjelpemidlet. Det eg såg og opplevde heime i Holen, er på mange måtar så merkeleg at eg har valt å sikre det for ettertida. Det var bestefar min, Emil Holen, som gjekk med klufta. Han var fødd i 1889. På den tida eg opplevde han som føderådsmann, var dette med klufta ein slags hobby. Før i tida var det vassmangel kvar vinter heime. Han fortalte at han begynte å gå med klufta for å finne vatn og såleis betre vassforsyninga på garden. Det lykkast han med etter ei tid.


Den fyrste gongen han prøvde klufta, kjende han ingen reaksjon, og var i ferd med å gje opp forsøka. Men så begynte han å merke ein reaksjon som etter kvart vart berre sterkare og sterkare. Denne reaksjonen er ei kraft som ikkje kan stoppast med nevane. Ein onkel, som også klufta reagerer for, var så sterk at han heldt kvistane slik at dei ikkje fekk vridd seg i hendene hans. Men da vart kvistane vridne av ved sida av nevane hans.
Bestefar skaffa seg mange nyttige erfaringar når han leitte etter vatn. Eg hugsar at han fyrst fann ut retninga til vassårene ved å nærme seg åra frå ulike stader. Deretter nærma han seg åra frå båe sidene, og merkte av stadene der han begynte å kjenne reaksjon i klufta. Dette gjorde han fordi ein kan kjenne reaksjon frå sterke vassårer på fleire meters avstand. Han rekna med at åra gjekk midt mellom punkta der han fekk reaksjon. Nokre gonger kunne han bruke ei to meter lang kluft med kvist og lauvverk på for å avgjera styrken på vassåra, dette fordi store klufter var mindre følsame enn dei små. Treslaget klufta var laga av, hadde ikkje noko å seie for funksjonen. For å bestemme djupna ned til vassårene rekna han etter kor mange gonger klufta slo opp. Eg hugsar han lyfta opp og sette ned att den eine foten for kvart oppslag, og talet på oppslag stemte omtrent med djupna i meter ned til råmen frå vassåra. Er det ei sterk vassåre som går i jord, kan det vere råme ein meter eller meir over nivået til åra.

Eg hugsar han påviste vatn for dottera og svigersonen, Marit og Pål Hagen, sist på 1950-talet.Dei hadde bygt hus på ein tørr grusrabbe nedanfor Jensbakken, ein plass der ingen kunne tru det fanst vatn. Men dei fann vatn på ni meters djupne rett ved sida avhusveggen.Det var nøyaktig det bestefar hadde sagt.Brunnen har aldri vore tørr.

Av og til vart han frustrert når det ikkje fanst spor etter vatn der klufta gjorde utslag. Dette skjedde da han skulle finne vatn for ein nabo og slektning, Lodver Dalseg, som hadde bygt nytt føderådshus. Dei starta gravinga, men da dei kom ned dit vassåra skulle vere, gjorde ikkje klufta utslag lenger og brunnen var knusk tørr. Klufta gjorde derimot utslag på jordhaugen som var teken ut. Ved nærare ettersyn viste det seg at dei hadde grave over ei uttørra vassåre som såg ut til å ha ført med seg metallpartiklar. Da bestefar kom heim, prøvde han klufta på metallgjenstandar. Han oppdaga da til si store overrasking at ho gjorde utslag for ei lang rekkje metall, blant anna gull, sølv, nikkel og sink, men ikkje jern, og så vidt eg hugsar heller ikkje kopar. Mineralolje kunne han også påvise med klufta.

Interessante oppdagingar

Noko seinare gjorde bestefar ei oppdaging som skulle gjere klufta til ein svært påliteleg reiskap. Dersom han heldt ein gjenstand av eit stoff som klufta reagerer for, i eine handa saman med greina på klufta, måtte det same stoffet vere i bakken for at klufta skulle reagere. Vi prøvde ut dette grundig. Vi ungane plasserte gjenstandar som var ukjente for bestefar på kjellargolvet. Han gjekk med klufta oppe på stovegolvet i fyrste etasje. Da kunne han med hundre prosent sikkerheit bestemme kva material gjenstanden var laga av. På meir enn hundre forsøk feila han ikkje ein einaste gong.

Etter kvart oppdaga han at det finst metall i små mengder i naturen. Ein «kluftgåar» som ikkje er klar over dette, kan bli narra. Dessutan er det viktig at ein ikkje har metall eller andre ting som klufta reagerer for, i eller på kroppen. Eg hugsar ein gong han ikkje fekk klufta til å reagere, sjølv om han stod rett over vassleidningen inne på garden.Til slutt tok han av seg buserullen. Da virka klufta. Bestefar hadde kjøpt seg ny buserull som var laga av det nymotens stoffet nylon. Det inneheld mellom anna mineralolje.

Bestefar fann ei åre ikkje langt frå husa i Holen. Kva denne åra inneheldt, hadde han vanskar med å finne ut av. Han skjønte det måtte vere ei metallåre, men ikkje eit av dei metalla han visste klufta reagerer for. Han nemnde dette for Trygve Seielstad ein gong. Trygve var utdanna ingeniør, og mekanikar ved Fron Ysteri. Han tipsa bestefar om at han burde prøve platina, og at dette stoffet finst i brytarkontaktane i  bilfordelarar. Samtidig fortalte Trygve om eit merkeleg funn sonen hans hadde gjort i Musvolkollen i Atndalen. Marit og Trygve Seielstad var på den tida vertskap  på Musvolsetra. Per hadde på ein tur opp i Musvolkollen, eit fjell ikkje langt frå Bjørnhollia i Atndalen, kome over ei lita røys under ein fjellknaus. Han fann metall-liknande klumpar som var svært tunge. Han tok med ein klump heim. Trygve fann ut at klumpen hadde ei eigavekt høgre enn reint sølv, og at den var så hard at den ripa glass. Ut frå kunnskapar om metall meinte han den måtte innehalde platina. Dessverre mista dei denne klumpen. Dei greidde heller ikkje å finne att røysa der han vart funnen. Trygve er gått bort, men Per stadfesta denne historia for meg for eitt år sidan. Han fortalte at faren hadde synt fram klumpen til turistar på Musvolsetra, og trudde at kanskje einkvan hadde teke den med seg.

 

Platina i Atna?

Bestefar fann seinare ut at klufta reagerte for platina, og at det var det metallåra heime i Holen inneheldt. Han følgde metallåra ned til Lågen, og fann ho også att der ho kryssar baksidevegen ovanfor Haugland/Dalsegvolden. Vidare følgde han ho opp til Korsbakk på Kvarvet og så langt inn som til Kleiva innafor Furuseter. Åra viste seg å følgje ei nokonlunde rett linje på kartet. Enda meir interessant var det at når denne lina vart trekt vidare mot nord-aust, så peikte ho i retning Atndalen. Bestefar prata mange gonger om at han gjerne skulle ha vore innover til Musvolkollen for å sjå om det var den same metallåra.

Ein sommardag i 1967 la vi i veg innover frå Søre Eldåsetra, bestefar, Jon Arne Holen og eg. Vi følgde turistråket forbi Vulutjern inn til Bjørnhollia. Utruleg nok fann vi att platinaåra alle stader der vi kryss linja vi hadde teikna på kartet. Vi fann ho i setervegen på høgste Kleiva, i turistråket nedan Søre Bågåskard, i Steindalen innanfor Indre Vulutjern og mest interessant – i Musvolkollen i området der Trygve fortalte at funnet var gjort. Vi brukte tre dagar på turen, og overnatta to netter i Korstadbua ved Fremre Vulutjern. Eg hugsar vi brukte åtte timar på turen inn til Musvolkollen andre dagen. Vi greidde ikkje finne staden der Per Seielstad hadde gjort funnet. For det fyrste var det svært mange fjellknausar som passa til opplysningane frå Trygve, og for det andre ville bestefar ta fatt på heimvegen snarast råd. Han hadde sjølv inga kommersiell interesse i funnet, og kvidde seg vel også for den lange tilbaketuren. Han var 78 år den gongen ! Dessutan prata han ikkje lenger så mykje om funna sine. Han merka nok meir enn ein gong overberande smil bak ryggen når han laga om funn av edle metallårer. Så vidt eg hugsar var breidda på platinaåra 12-15 meter i området der Per gjorde funnet.

Bestefar påstod at klufta reagerte for mineralolje mange stader på Østkjølen. Eg har mistanke om at det ikkje var olje, men derimot det feite, skiferhaldige gruset det er så mykje av, særleg i Holseterområdet. Som veggrus set denne grusen seg omtrent som oljegrus. Dei som er lokalkjende, veit at det knapt finst eit einaste vaskebrett langs heile Østkjølen seterveg.

Bestefar døydde i 1974. Dei siste åra måtte han slutte å gå med klufta. Han hadde veikt hjarte, og klufta uroa hjarterytmen. Dette skulle vel tyde på at evna til å få klufta til å reagere har noko med det autonome nervesystemet  eller energistraumane i kroppen å gjere.

Blogga første gong i april 2013

0 Comments

Submit a Comment