FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje spor etter han. I kyrkja var det altargang, og han Vis-Knut au gjekk til altars. Men da han kom attende frå altaret, uveta han. Og då han årekte seg att, var han vis vorten. Frå den dag sat ikkje luve på han.
0 Comments