Her er ti nye Sigmund Hernæs-måleri frå bygdahuset i Skåbu:

Elvenes – med almenningssaga på andre sida av Olstappen. Det var mest truleg Ola O. Megaarden som rydda her, truleg fyrst på 1900-talet. Nemnt i matrikkelen 1904. Han var fyrst gift med Goro Iversdotter nedre Skabo. Ho døydde i 1905 og han gifta seg oppatt med Ingeborg P. Slåen. I folketellingane er Ola titulert som skogvoktar og gardbrukar. Seinare kom Ola Askheim (1895-1954) og kona Kristine (1893-1944). Dei fekk døtrene Gudrun, Åse og Olaug. Det er berre Olaug som framleis lever. Ho er ein ivrig bidragsytar på bloggen vår. Olaug er gift Aas og bur i Ås kommune i Akershus. Gudrun døydde av difteri, berre 19 år gammal. Ola Askheim kom frå Eidsvoll, og vart den fyrste styraren ved Elvenes dampsag og høvleri etter at den stod ferdig i 1923. Dei hadde også fjøs og nokre kyr. Han vart svært glad i bygda, og det er han som står bak ein av dei tre Skåbu-songane. Olaug meiner at måleriet syner bygningane etter at saga blei flytta til Nørdre Hølmyren i samband med kraftutbygginga i fyrste halvdel av 1950-talet. – Da låg diverre «mitt» Elvenes 6-8 m under vatn og var ei saga blott, seier ho.










Eit par mistak i opplysningane om allmenningssaga på Elvenes bør rettast opp. 1) Ola Askheim vart tilsett som styrar i august 1922. Saga var da under bygging. 2) Ås kommune, der vi finn mellom anna NMBU, tidlegare Norges landbrukshøgskole, ligg i Akershus fylke.
Eg har ikkje sett dette måleriet av saga før. Mest sannsynleg er det frå slutten av 1950-talet og viser bygningane etter at saga vart flytt til nørdre Hølmyren i samband med kraftutbygginga. Da låg diverre «mitt» Elvenes 6-8 m under vatn og var ei «saga blott».
Ås, 30.11.2014.
Mvh
Olaug Askheim Aas.
Takk for korrigering! Da har vi retta på desse opplysningane.