
Men hadde skottane våpen? Berre 6 falne nordmenn.
RAGNAR ØVRELID: Som rimelig er, har det utvikla seg ei rad med meir eller mindre pålitande segner omkring skottetoget i 1612. Sinclair har av ein eller annan grunn blitt gjort til sjef for skottane, truleg fordi han vart skoten. Historiene om tømmervelta ved Kringen og Pillarguri er vandresegner, som granskarane kjenner frå mange stader, og blir rekna som svært tvilsame.
Den naturlege forklaringa på det som hende, er at dei fleste skottane var våpenlause og skulle få utstyr når dei kom fram til Sverige. Forholdet mellom dei falne – ca 200 skottar til 6 nordmenn – skulle tale i den retning.
Etter Kringen-slaget vart 134 skottar fanga og stengde inne i ein låve på Klomstad i Kvam. Men ettersom det var midt i skuronna, orka ikkje dølene å fare med fangane til Akershus – dette var i slutten av august. Fangane vart jaga ut av låven dagen etter, ein og ein, og slakta som dyr, heilt til nordmennene ikkje greidde meir. 18 skottar var da i live, blant dei leiaren for toget, oberstløytnant Alexander Ramsey, og løytnanten hans, Jacob Mannepenge, ein nederlendar som tidlegare hadde vore i Danmark og Sverige og nå var brukt til tolk. Somme av fangane vart såra og «havde kuglerne i livet».
Den uskjønelege massakren ved Klomstad-løa kan kanskje forklarast med at bøndene nekta å reise til Akershus med fangane i skuronna. Etter det statthaldaren Enevold Kruse skriv til København 17. september, tre veker etter hendinga, hadde dølene sagt at kongen hadde nok med å fø på dei 18 som overlevde.
Men krig var ikkje noko reinsleg yrke den gongen heller. Somme ser udåden i Kvam som ein hemn for det svenskane hadde gjort i februar same året. Da skaut dei og stakk ned 300 norske soldatar utenfor og inne i Nyløse kyrkje. Fleire gudbrandsdølar skal ha mist livet der.
Frå Historia om Fron, bind 1, lagt ut første gong 1.12.2014
0 Comments