JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE: I 1920 begynte eg på Liene skule. På skulen hadde vi ikkje kladdebøker, så vi brukte skiftertavler til å skrive på. Mellom det eg hugsar, er ein lei gutunge som slo bror min i hugu med ei veaskie. Dette fekk læraren tilfeldigvis sjå og kom ut gjennom døra så lagerfrakken stod rett ut i lufta. Guten fekk gjennomgå. Det var lovleg den gongen.
I skulen var det ikkje innlagt vatn. Det vart fyrst gjort seinare, og eg likte å sjå på at karane arbeidde med dette, men da dei begynte å erte meg og kalle meg oppsynsmannen, vart eg lei meg og vart borte i fleire dagar. Men da dei skulle fylle heverten, slik at det skulle til å renne, vart eg for nysgjerrig. Dei to arbeidskarane hadde med seg ei bytte med eit langt reip og ei stor trakt. Dei fylte vatn på heverten utan å vente på at lufta skulle sleppe ut. Etter ei stund kom det rare lydar ut frå røret, og ein av dei la øyret nedåt for å høre. Plutseleg kom det ein vassprut opp av holet. «Nå fekk du vaska øyret ditt»; sa den andre og skratta.
Frå en artikkerl i Fronsbygdin 2012
0 Comments