Overkjørt av same drosje to gonger

by | 13. jun 2021 | Biografiar | 0 comments

Å vera barn på Vinstra på 1950-talet

poPER OTTESEN: For oss barna i Vinstra sentrum først på 1950-talet var det ein spanande plass å vekse opp. Trafikken i Riksveg 50, som han heitte då, var stor, og det var mykje spanande å sjå. Ein gong vart eg overkjørt av same drosje to gonger på ei veke, då vi kjørte kjelke frå Haanshusgarden og rett nedi riksvegen. Men bortsett frå ein reprimande frå mor mi gjekk det bra.

Dette var den tida då anleggsarbeidet for nedre Vinstra kraftanlegg kom i gang, og det vart mykje folk her, fleire hadde pengar og kunne spela bajas, og mange såg moglegheiter ved å etablere bedrifter her – og mange anleggsarbeidarer såg at dei hadde arbeid her i fleire år og bygde seg hus. Vinstra voks så det knaka.

Høyer Ellefsen hadde verkstad på elvebreidda nedanfor stasjonen. Kvar måndag hadde dei «verkstadfilm», og vi ungane fekk koma og sjå på. Vi såg mange artige filmar. Eg hugsar godt at vi såg Edvard Persson synge «Jag har bott vid en landsväg i hela mit liv.» Filmen heitte Söder om landsvägen og var frå 1936. Det var fint. Men ein kveld opna filmen med at vi brått såg inn i hundrevis asiatiske ansikt, som alle skreik og lynte med augene. Det var starten på Koreakrigen, og eg fekk panikk og rømte frå kinolokalet for aldri meir å koma attende. Kanskje vart eg litt meir vaksen etter denne opplevinga? Verda var ikkje berre sol og sirupskake…

Utdrag frå artikkelen «Nedregata før ´Terian kom» i Fronsbygdin 2013

0 Comments

Submit a Comment