Æresmedlemskap til Espeland og Stauri

Dei har laga Fronsbygdin sidan 2003

Rasmus Stauri og Gard Espeland. Foto: Dølen

Mange godord til dei to karane – redaktør og redaksjonssekretær i Fronsbygdin – som årleg sidan 2003 har fått samla fleire tusen sider med lokalhistorie, kunnskap og forteljingar som elles kunne vore tapt. Til glede for lesarar, for historikarar, for ettertida – og ikkje minst for økonomien til historielaget, som er bygd opp på salet av årboka. Stor og velfortent applaus på lanseringa av Fronsbygdin 2021.

1 Comment

  1. Anders Haugen

    Gratulerer. Det er så vel fortjent at Rasmus, Gard og Vegar fekk dette hedersbeviset. Dei har gjort eit eineståande arbeide for Fron historielag, som vil stå seg i all tid.
    Så sitt eg med ein følelse om at oss i tidligare styrer har forsømt oss. Det har truleg gådd nokre under «radaren» som skulle hatt denne æra.

Submit a Comment