
Leiaren i Fron historielag Anders Hage legg fram årsmeldinga for 2013 på årsmøtet på Sygard Grytting. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting. Ingen stor strid om årsmeldinga 2013. Blant høgdepunkta: Lanseringa av boka Fronsbygdin 2013 var på Dale-Gudbrands gard 31. oktober. Heile 75 møtte fram. Boka kom ut for tiande gong og hadde derfor 16 sider ekstra. Gard Espeland prata om oppbygginga av boka. Rasmus Stauri fortalde om Einbusalen og måleria der. Odd Jan Skriubakken fortalde om arbeidet med artiklane sine «Husmannplassane under Ulberg» og «Slik levde vi i Huse». Ole Christian Risdal viste filmen «Seterreise på Isum». Denne ligg nå ute på historielaget si heimeside.
-Fron historielag har fått oppdaterte og flotte heime- og Facebook-sider med mykje stoff. Carl Henrik Grøndahl har så langt gjort dette arbeidet gratis. Det er eit stort arbeid dersom sidene skal fortsetje å ha same grad av fornying og kvalitet. Viss Grøndahl skal fortsetje, vil han ha fleire å samarbeide med.
-Historielaget hadde stand med boksal på byfesten på Vinstra 31. august. Anders Hage stilte ut ein arbeidssele for hest og arrangerte ei konkurranse om kva dei ulike delane av selene heiter.
-Solveig Hagen har rydda i historielaget sitt boklaget på Nord-Fron bibliotek. Ein del bøker og papir frå 17- og 1800-talet vart levert til Opplandsarkivet.
-6. oktober deltok historielaget på markavandring langsmed Skurdalsåa saman med Skurdalsåas venner. Historielaget spanderte kaffe i kålgården til Arve og Marie Skurdal.
-Vassinntaket til saga og kvernhuset på Fron Bygdatun vart på nytt øydelagt under flommen i Sula i 2013. Planen er at det skal vølastnå i vår.
-Vassrenna er reinska opp. Styret for bygdatunet har rydda låven, fjøset, stallen og stabburet. Jobbsenteret har laga nye utebenkar til tunet.
-Ved Olsok var det messe her. Det har vore ymse andre aktivgitetar, m.a. har skulen og barnehagen vore på besøk. Før jul køyrde Sandbakken barnehagebarna hit med hest og slede. På låven sat nissen.
-Rotary ordna med vårpussen. Ole Simen Kongsli har vore gratis slåttekar.
0 Comments