Bøker frå Fron historielag

Historia om Fron av Ragnar Øvrelid

Utgjevingar

Nå er tida for å kose seg med Frons-historie i godstolen. Vi har mykje godt på lager!

Garder og slekter i Fron bind I (Sør-Fron)

Her er det ikkje berre grundig gards- og slektshistorie. Hovdhaugen skriv òg om utvandring og utflytting, om husmenn og tilhøvet mellom husmann og bonde og fleire andre tema. Denne boka må ein berre ha i hylla! Bind II om Nord-Fron er utseld, men er du heldig finn du ho på eit antikvariat.

Av: Einar Hovdhaugen
Pris: kr 250,–

Tingbok Bind 1

Den fyrste boka med avskrift av tingbøkene frå Fron. Bind 1 tek føre seg tingbok 1 – 16, frå 1662 – 1679. Bøkene er transkribert av gotiskgruppa i Fron historielag.

Av: Fron historielag
Pris: kr 100,–

Matrikkel frå 1865

Beskriving av matrikulerte eigedommar i Nord-Fron frå 1865.

Av: Fron historielag
Pris: kr 100,–

Historia om Fron bind 2

Ragnar Øvrelid

Velskrive historieverk! Øvrelid fekk permisjon frå skulearbeidet i 1981-1982 for å skrive ei kortfatta historie, men stoffet var så rikt og kjeldetilfanget så stort at han vart sittande i fleire år med boka, i kveldstimar og feriar. To store bind vart det. Noko vi skal vere glade for. Han har verkeleg gjort fronshistoria levande. Bind 1 er utseld.

Av: Ragnar Øvrelid
Pris: kr 200,–

Fronsmålet

Gunnar Jenshus

«Eg vonar at ei bok som denne vil styrkje kjærleiken til og vørdnaden for bygdemålet. Dei norske bygdemåla er i slekt med dei fremste kulturspråka i verda.»

Av: Gunnar Jenshus
Pris: kr 100,–

Fronslekter

Boka «syner samanhangen frå ættled til ættled og skyldskapen mellom ættene. Vi vil vone at boka kan bli til litt hjelp for dei som seinare vil granske si ætt meir inngåande.»

Av: Even Sveipe, Peter Sveipe og Jakob Haraldseid.
Pris: kr 100,–

Vi har mykje godt på lager!

Kjøpe bøker?

For kjøp ta kontakt med Egil Myhre og oppgi kva bok du vil kjøpa.

Loading