Historia om ein tung skuleveg i Skåbu

OLAUG ASKHEIM AAS: Barndomsheimen min låg på eit vakkert nes nedved Olstappen, der elva Vinstra song seg uti fjellvatnet, 662 moh. Staden heitte Elvenes, naturleg nok. Tungvint var det, og huset vanta alt som kunne kallast isolasjon. Ikkje dobbeltglas ein gong. På kjøkkenet stod vedomnen, i stua hadde vi kleberstiensomn. Den var god å tine seg på, god å ta på, ikkje sverta han, og ikkje brende ein seg. Men i stua vart det ikkje fyrt til dagleg, berre når vi skulle bruke ho, slik som i jula. Skulevegen var strevsam. Sju kilometer.
Dei fyrste fire som motbakke i stupmørke vintermorgonar er ganske drugt. I beste fall hadde vi sledeveg, men hadde det snoga om natta, laut vi brøyte sjølv. Mor brukte stå utpå trappa med fjoslykta. Elektrisk straum kom fyrst sumaren 1947. Lykta hadde ho nok for at eg skulle vita at mor var der, men ovanfor Hølmyren gøymde skogen meg. Ho hadde nok sine tankar, mor, der ho stod att når veslejenta strauk på skulen.
Vel oppe på Sikkilsdalsvegen kunne vi sjå ljos frå utelampene frammi bygda. Mykje lettare å gå, her var flatt lende, det ljosna av dag, og dessutan tok eg til å møte hesteskyss. Skulle innpå setra etter høy, nedpå saga etter materialer, flis eller bakhun. Eller henta måsålass.
Eg tok åt heimanfrå rundt halvsju og var oftast den fyrste som kom til skulen. Trippelaflaske (flaske som tek tre pelar, omlag 0,75 liter) med mjølk og matasken kom fram, morgonverden smaka etter turen. Eg var aldri svolten før eg gjekk, berre trøytt – og grudde meg ofte for vegen.
Ein einaste gong kom eg for seint. Tungt føre, våt nysnø som til slutt gjekk over til regn. Eg var søkkblaut da eg kom fram med store klabbar under skiene. Eg gret av skam, hugsar eg. Tenk – koma for seint! Det var nok ingen andre som tykte det var rart.
Eg var ikkje heilt fri for å vera mørkredd heller, men eg visste at det var berre eitt å gjera, bite tennene saman og gå. Tankar om krig og brotsmenn, om rovdyr som jerv og gaupe var ikkje langt unna.
Heldigvis gledde eg meg alltid til skuledagen. Og slik eg gledde meg når vi stod og song når skuledagen var slutt! Læraren vår, Sigmund Hernæs, hadde fin sangstemme og spela orgel attåt. Ofte skein sola utafor glaset, vestvendt sin storeskulesalen låg, med utsyn mot Storhøfjella og Snubbhøa, og nedunder, nedved Olstappen, låg heimen min.
Heimvegen var mykje lettare, ljoset var der og mykje unnabakke.
Var det reint omoleg vêr og føre, gjekk eg frammi bygda eftan før skuledagen, låg over hos Inga og Torvald Risdal på Austli, og gjekk heim etter skulen. Firedelt skule, og vi gjekk annankvar dag.
0 Comments