Bøkene vart i alle fall skrivne i eit hus frå Nordre Dalseg

KRISTIAN HOSAR OG KJELL MARIUS MATHISEN: I 1924 flytta Sigrid Undset inn i eit hus ho hadde fått sett opp att på Bjerkebæk i Lillehammer etter at ho kjøpte det frå Nordre Dalseg i Sør-Fron. At ho fekk stor glede av det nye arbeidsrommet og av bustaden, vitnar bøkene ho skreiv i åra etter om. Ho fekk ro til å skrive dei to banda om Olav Audunssøn, som kom ut i 1925 og 1927. I 1928 vart ho heidra med Nobelprisen i litteratur.

1919 var Sigrid Undset Svarstad ein velkjend forfattar. Ho var gift med kunstmålaren Anders Castus Svarstad, men flytta åleine til Lillehammer same året. I utgangspunktet var opphaldet tenkt som mellombels. Ho og ektemannen hadde budd i eit husvære på Sinsen i Kristiania, men huset vart seld, og dei fekk ikkje fornya leigeavtalen. Dei kjøpte eit hus på Kampen med både atelier og leilegheit. Dit skulle dei flytte så snart dei tidlegare leigebuarane var ute av huset. I mellomtida måtte dei bu kvar for seg. Svarstad vart att i Kristiania og budde i atelieret, medan Undset reiste til Lillehammer. Det var tre hovudgrunnar for at ho valde å reise nett til denne byen. Sidan ho var ung hadde ho feriert på Høvringen ved Rondane kvart år. Difor hadde ho eit nært forhold til dalen. Ho hadde òg gode vener frå opphalda i Roma. Dei var busette på Lillehammer. Det var kunstmålarane Lars Jorde, Alf Lundeby og Helene Fagstad, seinare gift Frøisland. Sist, men ikkje minst, arbeidde ho med ein mellomalderroman frå Gudbrandsdalen og ønskte å vere i nærleiken av Maihaugen med storgarden Bjørnstad.
Undset etablerer seg på Lillehammer
Sigrid Undset Svarstad var gravid og hadde med seg dei to ungane sine, Anders og Maren Charlotte. Den første tida på Lillehammer budde dei på Breiseth pensjonat, men fødselen var venta alt i august. Difor var Sigrid på jakt etter eit hus. Den unge målaren Gunnar Hjorth averterte eit femroms hus til leige i slutten av april i 1919. Tingboka syner at han same året hadde kjøpt ein villa rett utanfor bygrensa langs vegen til Nordseter. Han skulle ut på ei lang reise til Frankrike og måtte leige ut huset. Sjølv rakk han ikkje å bu der før Sigrid Undset og ungane flytta inn. Dei var på plass i huset i god tid før Hans, den andre sonen hennar, vart fødd 27. august.
Det var kjøpmann Ola Aasen som i 1919 fekk oppført huset ved Nordsetervegen som Gunnar Hjort kjøpte. Aasen skaffa tomta i 1918. Samstundes kjøpte han eit større tomteområde ved Lysgårdsvegen eit stykke lenger sør. Begge tomtene vart skilde ut frå Lysgård, den store garden ovanfor Lillehammer. Storparten av jorda aust for byen høyrde denne garden til. På den søre tomta fekk Aasen oppført sitt eige hus. Der var det òg plass til å byggje fleire villaer, som han skilde ut og selde vidare, på same måte som han gjorde med huset på den nordre tomta.
Lillehammer – ei by i vokster
Lillehammer var i stor vekst fyrst på 1900-talet. Ved hundreårsskiftet låg byen som ein tett kvartalstruktur omslutta av jorde. Dei små bygardane fungerte både som husvære og næringslokale. I åra fram mot den første verdskrigen vart områda langs bygrensa regulerte til villabygningar. Stadig fleire byborgarar ønskte å bu i frittståande hus, og bygginga skaut fart. Frå 1913 til 1919 vart det bygd om lag 100 villaer innanfor og like utanfor bygrensa.
I perioden 1919 til 1927 vart det bygd bortimot 200 til. Byggeverksemda var formidabel og sysselsette mange. For dei med kapital, mellom anna kjøpmann Aasen, var villaene attraktive investeringsobjekt.
Dei fleste villaene vart bygde i reisverk på 1910- og 1920-talet. Det var ein moderne og svært effektiv byggjeteknikk, som kravde vesentleg stuttare byggjetid enn lafting. I Lillehammer vart likevel om lag 1/6 av villaene framleis lafta. Det er både estetiske og økonomiske grunnar til det. Tømmerhus var på moten. Det var eit ønske at det nasjonale skulle kome til utrykk gjennom referansar til den gamle norske byggjeskikken. Sportsvillaen til kongefamilien i Holmenkollen, Kongssetra, som stod ferdig i 1909, var eit viktig arkitektonisk førebilete for nye laftehus. Samstundes kunne folk med tilgang til tømmer frå eigen skog spare mykje på å lafte framfor å byggje i reisverk. Medan reisverk krev saga materialar, kunne ein ved å lafte nytte tømmer direkte frå skogen. Det kunne òg vere økonomisk gunstig å bruke opp att gamle tømmerhus om ein fekk kjøpt dei til ein god pris. Jernbanen var bygd heilt fram til Sel i 1895, noko som forenkla godstransporten i dalen.

Alle husa kjøpmann Aasen fekk oppført på tomtene sine, vart lafta. Fleire av dei var gamle tømmerhus frå Gudbrandsdalen, men dei fleste, mellom anna hans eige hus, vart lafta av nytt tømmer.
frå Røssum
Huset Aasen hadde bygd på den nordre tomta var eit gamalt tømmerhus flytta frå Røssum i Kvam. Slik skildrar Sigrid Undset eigedomen i eit brev til Nini Roll Anker på forsommaren 1919:
”Nu har jeg avsluttet leien, skal betale 2500 kroner for 15 måneder; det er ikke dyrt efter forholdene her. Det er en gammel gård fra dalen som er flyttet ned og nyinnredet, med kjøkken, en liten spisestue og en stor, nydelig dagligstue i første, 2 små og et stort soveværelse ovenpå. Det ser gjennem hyggelig ut og det ligger henrivende til, like overfor Jordes og Lundebys steder – dessværre på den gale siden av bygrænsen, som går midt over tomten. Et andet aber er det, at der har ikke bodd folk i huset endda og helt ferdig er det ikke – men jeg får jo sommermånedene til at finde ut skavankene på da. Endnu et aber er det at tomten er ikke indgjærdet eller ryddiggjort, huset ligger i utkanten av en stor hestehage med svære, gamle bjerker og tætt olderkjer…”
I første rekke var huset ved Nordsetervegen ei investering for kjøpmann Ola Aasen. Huset selde han til Gunnar Hjort så snart det stod ferdig. Utvendig var dei gamle brunsvidde tømmerveggane frå åra kring 1800 intakte. Det innvendige var derimot bygd med dei rasjonelle prinsippa som rådde i samtida, og huset hadde eit moderne preg. I stua var både veggane og himlinga trekte med strie og maskinpapir og måla. Resten av romma hadde oljemåla faspanel både i taket og på veggane. Huset hadde såleis den same materialbruken innvendig som dei moderne reisverkshusa. Aasen hadde som byggherre bestemt utforminga av Røssumstua. Da Sigrid Undset seinare flytta enda eit gamalt tømmerhus til Bjerkebæk, hadde ho ein annan innfallsvinkel. Ho valde å ta vare på den tradisjonelle utforminga både i eksteriøret og interiøret.
Sigrid Undset bestemte seg for å busette seg fast på Lillehammer, og i 1921 kjøpte ho eigedomen ved Nordsetervegen. Ho gav han namnet ”Bjerkebæk”. Bjerkebæk er nemninga på ein norsk patriot i eit syngespel av Erik Bøgh. Den danske greina av familien hennar kjende godt til denne karakteren. Slik fekk ho på ein humoristisk måte understreka den norske identiteten sin.
I kjøpekontrakten mellom Gunnar Hjort og Sigrid Undset står det at Sigrid Undset skal ta over eigedom gardsnummer 50, bruksnummer 35 frå 1. juli 1921. Sigrid Undset betalte 27 000 kroner for eigedomen. 10.000 skulle betalast kontant, for dei resterande 17.000 skreiv kjøparen ut ein panteobligasjon, som skulle løysast inn innan 1. oktober same år. Ein skatteseddel frå 29.november 1921 syner at Sigrid Undset er skattelikna for 30. 000 kroner. Sigrid Undset hadde etter kvart tent ein del pengar på skrivinga og var ei halden dame, og kjøpet av villaen utgjorde mindre enn ei årsløn for henne. Eilif Moe var Sigrid Undset sin advokat og hjelpte til med kjøpet av eigedomen. Han dreiv Det litterære Byrå, som marknadsførte mange av dei norske forfattarane i utlandet, saman med advokat Axel Thallaug og seinare Haakon Thallaug. Difor er både dokumenta om eigedomsforhold og litterære rettar å finna i arkivet til Det Litterære Byrå, som Opplandsarkivet avd. Maihaugen tek vare på.
I september 1921 fekk Sigrid Undset takst på Bjerkebæk. Røssumstua var i to etasjar av tømmer, tekt med bord og skifer. Huset hadde ei grunnflate på 74 m, med verandaen til saman 81 m. Grunnmuren var i betong, og det var kjellar under heile huset. I tillegg til Røssumstua var det eit uthus i bindingsverk på 16 m. Verditaksten på husa var i alt 20 950 kroner. Det er noko mindre enn det Undset kjøpte huset for.
Hus frå Nordre Dalseg i Sør-Fron

Den vidare utbygginga av Bjerkebæk er Sigrid Undset sitt personlege verk. I 1922 fekk ho oppført ein ny veranda i to etasjar på Røssumstua og bygde eit kombinert uthus og gjestehus. I 1924 flytta ho eit tømmerhus til eigedomen frå Nordre Dalseg i Sør-Fron. Huset vart bunde saman med Røssumstua ved hjelp av ein svalgang. Til alle byggearbeida engasjerte Undset byggmeister Lars Grønvold. Han utarbeidde arbeidsteikningane, men det var Undset som planla anlegget og spesifiserte utforminga. Da ho kjøpte Dalsegstua, stod ho personleg for utveljinga. I juli 1923 averterte ho i avisa etter eit tømmerhus frå Gudbrandsdalen og reiste til Nordre Dalseg for å sjå på huset. Rasmus Stauri, styrar ved Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp, fylgde Sigrid Undset til Dalseg. Om det var han som kjende til huset frå før, er det ikkje sagt noko sikkert om. Men i familietradisjonen til Rasmus Stauri jr. er det fortalt at skulestyraren ikkje fekk vera med inn for å forhandle om prisen. Ho ville gå inn og forhandle sjølv. Han måtte stå att utanfor og vente på resultatet. Etter ei stund kom ho ut att, og handelen var avgjort. Han spurde ”Kor mykje måtte du betale, Sigrid?” ”7000 kroner,” svara forfattaren. ”Alt for mykje, Sigrid!” kom det frå den andre. ”Det er det samme, jeg kan betale,” var det kontante svaret, og slik vart det.
Sigrid Undset og Rasmus Stauri var kjende frå før. Dei hadde ein sams ven i professor Fredrik Paasche (1882 – 1943). Han halde foredrag på eit nordisk lærarkurs ved folkehøgskulen sidan 1917, og vart da god ven med styrarparet. Det vart eit venskap som vara livet ut. Professor Paasche var mellomalderforskar og var konsulent for mellomaldertriologien til Sigrid Undset. I bokhyllene etter folkehøgskulen på Hundorp (1902 – 1987) ligg eksemplar av førsteutgåvene til Kristin Lavransdatter: Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922). Til 900-årsminnefesten 29.juni 1921 for kristningsmøtet på Hundorp i 1021 møtte mellom andre Sigrid Undset. Det er kanskje ved det høvet Undset hadde med Kransen og Husfrue med denne dedikasjonen: ”Herr skolestyrer Rasmus Stauri med hilsen fra Sigrid Undset.”
Det var Andreas A. Berge som åtte Nordre Dalseg i 1923. Han var frå Ringebu og hadde sjølv kjøpt garden av Arne O. Gunstad i 1907. Andreas var gift med Anna Berge. Garden vart hardt ramma av den økonomiske krisa i 1920- og 1930-åra. Andreas selde difor heile garden i 1933.
”Dalsegstuen”
Huset var eit tømmerhus i to etasjar, og med tradisjonell plan frå Gudbrandsdalen, kalla akershusisk stueplan av folkelivsgranskaren Eilert Sundt. Stua i første etasje var på heile 50 m2 og hadde ein stor klebersteinspeis. Innafor stua var ein stor kleve. Årringdateringar av tømret i huset syner at det er felt vintrane 1703 og 1704, og huset var truleg lafta i 1704. Med i handelen var grunnmuren, nokre faste innreiingar, mellom anna veggfast benk, eit par skap og eit innebygd skap mellom kleven og stua, ein kleberpeis, ein kakkelomn, dører og ei stor gråsteinshelle. Kjøpekontrakten vart inngått 1. august 1921. Huset var tatt ned og frakta til Breivegen stasjon, der alt vart lasta på ei jernbanevogn og deretter frakta til Lillehammer og Bjerkebæk. Flyttinga skulle vera ferdig før 1. februar 1924. Under flyttinga var heile huset forsikra for 8000 kroner.
Problema kjem
Da huset skulle gjenreisast på Bjerkebæk og dei to husa skulle koplast saman, fekk dei problem med planløysinga. Peisen vart difor flytt til andre sida av rommet. Elles ønskte Sigrid Undset å behalde så mykje som mogleg av det opphavlege. I stua vart dei breie rot-topp panelborda i furu brukte opp att, og dei gamle takbjelkane med høvla kantprofilar set sitt preg på rommet. Alt treverket var umåla. Med den gamle peisen og omnen i kleber, sittebenkane, inngangsdøra med beslag frå 1780 og skåpa mot kleven, vart stua truleg i det heile lik slik rommet stod på Dalseg. Både skapet mellom stua og kleven og dørene var måla mørk raudbrun med grågrønt listverk. I eit brev til Nini Roll Anker skriv Sigrid Undset at kleven vart gjort om ved å bordkle og tapetsere i ljos grågul farge. Utanfor inngangspartiet til Dalsegstua ligg ei stor dørhelle, truleg den som Undset kjøpte frå garden. I det store soverommet i andre høgda står dei gamle tømmerveggane utan kleding.
Taket mellom arbeidsrommet og gutane sitt soverom i andre etasje vart senka slik at ein kunne fylle i meir isolasjon og minske støyen frå barneleik når forfattaren skulle arbeide. I november 1924 stod huset ferdig, og Sigrid Undset fekk for fyrste gong sitt eige arbeidsrom. Ho skriv til Tore Ørjasæter:
”Jeg har flyttet ind i mit nye, gamle hus og holder paa at like mig glugg i hel. Første gang i mitt liv har jeg et arbeidsrum, hvor jeg ikke kan høre hver lyd av min husfellers mund, støvlehæler, hver grydte som bliver flyttet paa komfuren, hver kommodeskuf som blir slængt igjen og hver dør som blir gaat i. Nu spørs det om jeg kan arbeide under en saan uvant luksuriøs fred og stilhet.”
At ho fekk stor glede av det nye arbeidsrommet og av bustaden, vitnar bøkene ho skreiv i åra etter om. Ho fekk ro til å skrive bøkene om Olav Audunssøn, som kom ut i 1925 og 1927. I 1928 vart ho heidra med Nobelprisen i litteratur.
Krigen og flytting frå Bjerkebæk
Sigrid Undset reiste frå Bjerkebæk 20. april 1940, og vende ikkje attende før 8. august 1945, tre månader etter krigen var slutt. I krigsåra var det tyskarane som rådde på Bjerkebæk. Sigrid Undset kom heim til ribba hus, men takka vere gode vener, vart mykje av møblane og boksamlinga redda unna tyskarane. 10. juni 1949 døydde Sigrid Undset, og sonen Hans tek over Bjerkebæk. Sigrid Undset fekk mange år i husa frå Fron, liv med mykje glede, men òg sorg. I 1997 kom Bjerkebæk i offentleg eige, og Maihaugen fekk ansvaret for forfattarheimen. I åra som kom vart hus og innbu restaurert til slik det var i 1930-åra. Dalsegstua var i liten grad endra frå Sigrid Undset si tid. Der var òg mange av møblane framleis på plass. Sonen og svigerdottera til Sigrid Undset hadde brukt Røssumstua som bustad, og der var nokre av romma endra. Difor var det naudsynt med meir arbeid i den bygningen for mellom anna å få attende dei gamle fargane. Fleire møblar og gjenstandar som hadde hørt til Bjerkebæk på 1930-talet, kom på plass att fordi dei som hadde arva eller fått dei frå Sigrid Undset gav det til museet. I 2007 stod den nye publikumsbygningen ferdig øvst på tomta, og Bjerkebæk vart opna for publikum.
Kjelder:
Anker, Nini Roll: Min venn Sigrid Undset. 1946
Arkivmateriale, A-00210: Det Litterære Byrå. Opplandsarkivet avd. Maihaugen
Hovdengen, Einar: Gardar og slekter i Fron. Band 1 Sør-Fron, s 219 og 220
Mathisen, Kjell Marius: Søndre gate 21 – villaarkitektur på Lillehammer mellom 1910 og 1930. Maihaugens årbok 1998.
Mathisen, Kjell Marius: Bygningsskik paa Bygderne i Norge. Sigrid Undset hjem Bjerkebæk – I bøkenes verden. Maihaugen 2007.
Skille, Nan Bentzen: Innenfor gjerdet. Aschehoug 2003
Slapgard, Sigrun: Dikterdronningen. Gyldendal 2007
Stauri, Rasmus jr: E-post til Opplandsarkivet avd. Maihaugen 04.03.2009
Ørjaseter, Tordis: Menneskenes hjerter. Aschehoug 1993.
Lagt ut første gong juni 2013
0 Comments