Til gamle og nye skribentar i Fronsbygdin

Vi inviterer alle som kan ha interesse av å skrive for Fronsbygdin til eit skrivekurs på Hundorp, Dalegudbrands gard laurdag den 27. januar 11-15. Kursleiar er Torveig Dahl, historikar og tidlegare leiar for Gudbrandsdalsmusea. Dette er eit samarbeid med Hemgrenda i Ringebu.
Meininga er å samle dei som har interesse for Fron og lokalhistoria, frå stort til smått, og stimulera til å få fram dei gode forteljingane. Kva er vi ute etter? Kva slags tema er aktuelle? Korleis ein skal gå fram? osb. Vi er interessert i både dei små notisane og stutte og lange artiklar, det er viktigaste at det er den lokale historia som kjem fram. Framover vil også redaksjonen kunne hjelpe til med korleis ein artikkel skal kunne utformast og korleis stoffet kan disponerast. Med ein ny årboksredaksjon treng også dei nye redaktørane innspel på gode tema, samt få bygd eit nettverk som alle involverte kan ha nytte og glede av.
Av omsyn til plassen vil vi setja ei grense på ca. 15 i frå kvar bygd, til saman 30 personar. Vi ynsker derfor ei tilbakemelding på kven som kjem. Det er fint om vi hadde fått tilbakemelding om dette innan 20. januar til Erling Skurdal [email protected] eller Geir Paulsrud [email protected].
0 Comments