Bli med til Heggerud!

by | 30. apr 2017 | Informasjon | 1 comment

Og sjå kva dei let etter seg, dei russiske offiserane

Skjermbilde 2017-04-30 kl. 08.34.02Russiske offiserar budde på Heggerud Gard på Harpefoss vinteren 1917-18, etter at dei flykta frå den russiske revolusjonen. Dei sette spor etter seg. Dei laga eit hageanlegg det er lett å sjå spor etter nå tidleg på våren. Bli med historielaget på hagevandring tysdag den 9. mai kl. 18.00. Arne Wadahl, gamlebrukaren sjøl,  vil fortelje historia om tsaroffiserane og den gamle hagen. Knut Langeland, kjent hagehistorikar og plantespesialist, er med oss på vandringa og formidlar stoff omkring hagehistoria i Gudbrandsdalen. Du kan lese litt om historia her.

Kaffe og biteti i fjoset. Velkomne!

1 Comment

  1. Guri Skurdal Tofte

    Flott initiativ. Hagevandring på Heggerud gard blir interessant! Dette vil vi gjerne ha meir av! Mange flotte historiske hagar i Fron. Besrefaren min var gartnar Anton Skurdal. Det finns detaljrike hageplanar etter han. Anton teikna hageanlegg for storgardane i dalen. Da Stig, bror min, overtok Sygard grytting, kunne svigerfar Anders Nustad bruke hageplanen bestefar laga til å vidareurvikle hagen. Det synes vi er ekstra stas.

    Helsing Guri Skurdal Tofte,
    Hageentusiast

Submit a Comment