Bli medlem

Medlemsfordeler
Du er med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar.
Du tar vare på tradisjonane.
Du er med på å skape vitalitet i Fron.
Det styrkar sjølvkjensla
Du blir kjend med historia om Fron gjennom interessante markvandringar og samlingar.
Du bidreg til at vi kan legge ut artiklar, bilde, filmar og utvikle denne nettstaden.
Hvorfor bli medlem?
Her er det rom til mange fleire medlemmar.
Over 50 000 les på denne heimesida kvart år. I 2021 hadde historielaget 266 medlemmar. Det er altså berre 0,5 prosent av alle som har glede av denne sida. Og snaut 8 prosent av dei som følgjer Facebook-sida til laget er medlemmar. Det er med andre ord god plass til fleire! Kvifor bli medlem?
Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak. La oss gjere dette saman!
Du er med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar.
Du tar vare på tradisjonane.
Du er med på å skape vitalitet i Fron.
Du er med på å avgjere kven som skal sitje i styret i historielaget og kva laget skal gjere og vere.

Korleis
Bli medlem
Fron historielag, 2640 Vinstra.
Hugs å oppgje e-postadresse.
Ved spørsmål kan du kontakta Pål Skoe Kjorstad
990 34 406