Bli medlem i historielaget!

by | 4. apr 2022 | Informasjon | 0 comments

Så blir du med på et gildt årsmøte onsdag

Over 50 000 les på denne heimesida kvart år. I 2021 hadde historielaget 266 medlemmar. Det er altså berre 0,5 prosent av alle som har glede av denne sida. Og snaut 8 prosent av dei som følgjer Facebook-sida til laget er medlemmar. Det er med andre ord god plass til fleire! Kvifor bli medlem? 

Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak. La oss gjere dette saman!

Du er med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar
Du tar vare på tradisjonane
Du er med på å skape vitalitet i Fron
Du er med på å avgjere kven som skal sitje i styret i historielaget og kva laget skal gjere og vere. 

Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse.

0 Comments

Submit a Comment