Budeier på Haugsetra

by | 9. apr 2026 | Vekas bilde | 0 comments

Hanna Resvoll-Holmsen: «6 budeier på besøk hos mig på Stakstastøl, Haugseter i Kvam. Fra venstre : Thea Berget, Mari Moen, Kari Brendemoen, Mattea Lille-Marken, Anne Kalsen og Anne Lien 14/8-32.»
Hanna Resvoll-Holmsen f. 1873 i Vågå, var botanikar og er mest kjend for sitt arbeid med floraen på Svalbard. Ho dokumenterte sitt arbeid med ei rekke fotografi, som i all hovudsak befinn seg i Nasjonalbibliotekets fotosamling. Sommaren 1932 oppheldt ho seg på setra til Nørdre Bakken, eller Stakston setra, som ho har skreve sjølv. Her har ho foreviga nokre av budeiene på Haugsetra. Foto og Resvoll-Holmsens eige tekst er lånt frå Nasjonalbiblioteket.

Loading

0 Comments

Submit a Comment