Da Vis-Knut vart mishandla i Fron

by | 11. mai 2021 | Biografiar, Folketru | 1 comment

visknut

Knut Rasmusson Nordgarden. Foto: Jørgen N. Elstad

OLE M. STUBBERUD: Ein gong Vis-Knut (1792–1876) var på Sør-Fron og heldt møte, gjekk det reint gale. Midt på natta medan Knut låg i senga si, kom lensmannen med ein kaptein, ein løytnant, ein underoffiser og 5 mann med skarpladde rifler og braut seg inn på romet hans. Dei for stygt åt med han. Han vart rive opp or senga, og klæda braut dei på han, medan den eine fangrida (epileptisk anfall) tok han og den andre slepte han. Attåt spotta dei han og gjorde narr av han alt dei kunne. Då dei endeleg hadde fått på han klæda, drog dei han ut og la han på ei langslede og gjorda han fast med 3 reip. Men gong på gong gjekk reipa opp att som av seg sjølv, og han fekk slike fangrider at han spratt ende til vers og langt bort frå sleda.

Presteskapet hadde reist seg mot han. Han var en «sværmer, en mild vanvittig», som førde folk på villstig. Og so var det ulovleg, trøyste oss, for lekfolk i denne tid å tala Guds ord! Presten i Fron meldte han til fauten. Og denne gjorde påbod om at Knut skulle førast lensmannsmellom attende til Svatsum. Mange av venene hans Knut hadde samla seg, både karar og kvinnfolk. Mellom desse var det med ein som var Knuts beste ven, det var Imort Nerlid frå Fron. Han gjekk for å vera den sterkaste mann i Gudbrandsdalen på denne tid. Han hadde nok hatt hug til å hjelpa Knut, men vart rådd frå det av venene sine. Gong på gong tok det seg opp att at reipa gjekk opp og Knut spratt av. Men like uvørde tok dei han att og gjorde han hardare og hardare fast. Kvinnfolka gret og jamra seg. Og Knut sjøl seier at dei like so godt kunne ha «åpnet hans hjerte».

Då dei endeleg kom åt Ringebu, tok lensmannen der imot han. Dette var same uvørdsle, og han let på at Knut skulle få smake tampen solenge han røyvde seg om det galdt på, og under spott og hån frakta dei han til Stav i Øyer. Derfrå vart han køyrd over Musdalsskogen til Rokvam. Herfrå vart han av lensmannen i Gausdal send til Svatsum.

Over denne stygge åtferda mot Knut vart folk harme. Og 6 gilde bønder i Svatsum, som var grannar til Knut. skreiv no opp livssoga hans, samstundes som dei tok han noko i forsvar. Dette sende dei til kyrkjestatsråden. Og det er sikkert det hjelpte Knut godt. For då det fleire gonger kom klage på Knut frå prestane heroppe, svara berre den kloke kyrkjeråden Treschow at det var best han fekk gå laus so lenge, so kunne prestane ha auge med han.

Men so la doktarane seg etter han, fordi han hjelpte folk for sjukdom. Han vart verkeleg meldt og fekk sin dom. Han sona 14 dagar vatn og brød på Rokvam i Østre Gausdal. Attåt vart han au dømd til å betala bot.

Etter slik forfylgjing frå dei «konditionerte» skulle ein tru Knut vart arg og vond av seg og bar agg åt forfylgjarane sine. Men slik var han ikkje. Tvert imot. Han årsaka dei. «Dei visste ikkje betre», sa han. «Dei måtte håndhæve loven. Og eg lyt bera mitt kors med tolmod», sa han.

1 Comment

  1. Guro Steine

    Hei. Vis-Knut sonet 14 dager på lensmannsgården Rokvam i Østre Gausdal, ikke Kvam som det står i teksten.

Submit a Comment