
Pesta kje. Teikning: Theodor Kittelsen
IVAR KLEIVEN: Svartedauen sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Han tok på vidda og ville leite etter folk som var i live, gjekk over fjellet og kom til Slette i Heidal om julkvelden. Der såg han det lyste gjennom glugga i stuguveggen, han gjekk inn og trefte ei ung jente, som var det einaste menneske i Heidal etter Svartedauen. Frå dei to grodde folket i Heidal opp att.
På første snøen om vinteren etter at Svartedauen hadde rasa frå seg i dølabygdene, kom to unge gutar til Veikle i Kvam. Dei gjekk og leitte etter folk, men kvar dei kom, var folk og fe strokne med, husa sto tomme, og gardane låg øyde. På Veikle såg det ut til å vera tomt for folk, men da dei kom inni garden, vart dei vâr spor etter ein liten folkefot i snøen, og inne fann dei ei veslejente som var det einaste menneske i Kvam som levde etter Svartedauen.
Kvar dei to gutane var frå, har aldri vorte omsagt, men den eine heitte Dagfin og den andre Audfin, og dei vart buande på Veikle. Det er ikkje fortald at jenta vart gift med nokon av desse to, men det er nære sikkert at ho gifta seg med Dagfin, for det namnet var ennå i bruk på Veikle 250 år etter Svartedauen, og det er tenkjandest at mange av Kvamverslektene er utspringet sitt frå dei.
0 Comments