Dei fem toftejentene fekk skåp

skapaBJARNE JETLUND: Det var nokså vanleg at jentene i familien fekk med seg skåp i heimefølge når dei flytta ut. Etter fem jenter på Tofte finst det fem stasskåp. Felles for alle skåpa er at dei har følgt storstovene der dei har vore, og dei er stelt pent med. Dei står der og vitnar om skapande hender og solid og varig handverk.

skapdøtreHans Nilsen Tofte var brukar av Uppigard Tofte frå 1816 til 1860. Han var gift med Kari Monsdatter Tåkåstad. Dei fekk åtte barn, to gutar og seks jenter. Ei jente døydde.

Skåpet til Marit

skapmaritMarit (1831-1909) Dette er eg litt usikker på, ettersom det står Marie O. Listad 1891 på det. Mor til Marie, Marit Hansdatter Tofte, gifta seg i 1857 med Ole Rasmusson Nigard Listad. Eg meiner likevel at dette kan vera skåpet Marit fekk med seg, da det ser ut som gamalt namnetrekk er overmåla og skrivi på nytt. Utsjånaden av skåpet liknar ôg på tofteskåpa. Skåpet står på Nordgard Kjorstad, etter som Marie O. Listad gifta seg med Ola Knutson N. Kjorstad.

Skåpet til Thore

skapthoreThore (1825-1877) var ikkje gift, men ho fekk skåp likevel. På det står det THDT 1861 (Thore Hansdatter Tofte). Ho var hushaldar hos Nils, som gifta seg med Marit Iversdatter Brandvol. Dette skåpet kom ôg til Rudi, der dotterdotter til Rønnoug og Ola, Kari, arva det. Ho gifta seg med Julius Lund på Steinseth på Biri, og skåpet står nå der. Dette skåpet har langsgåande riflingar på dørene og to overdører. Namnetrekket med årstal står på eit felt på slagdøra.

Skåpet til Kari

skapetkariKari (1827-1902) gifta seg med Ole Torson Systugun Olstad i 1864. Skåpet ho fekk, er påskrivi KHGT (Kari Hansdatter Tofte) 1861, og har vore på garden i generasjonane etterpå. Dette skåpet er nokså likt utforma som Thore-skåpet med to overdører og langsgåande riflingar. Dei andre skåpa har glatte dører. Kollen er ôg utforma på en annan måte på dette.

Skåpet til Rønnoug

skapronnougRønnoug (1829-1887) gifta seg med Ola Halvorsen Nordistugun Rudi i 1860. Ho fekk eit skåp som er påskrivi RHDT 1861. Ei av døtrene deira, Berte, arva dette skåpet. Ho gifta seg med Johan Kristenson Brettingen frå Ringebu. Dei flytta seinare til Askim. Dotter deira, Ragnhild, fekke skåpet, og nå er det son hennar, Kjell Josefson i Drammen som er eigar av det.

Skåpet til Magnhild

skap2 1Magnhild  (1834-1931) gifta seg i 1865 med Ole Olsen Jetlund. Skåpet hennar er påskrivi MHDT 1866. Dette har tredelt overdel slik som både Marit- og Rønnoug-skåpa, men er nok enda meir forseggjorte. Det er vel særleg målinga som er annleis. Jon Brænne ved Norsk Institiutt for Kulturminneforskning meiner med stor sikkerheit at det er Even K. Sulengshaugen som har måla dette. Skåpet står framleis på Jetlund.

Kven laga desse skåpa?
Det blir berre gjetningar. Vi veit at Bersvein Selestad, f. 1795, har gjort skåp som er så godt som maken til Thore-skåpet. Han var ôg gift med ei jente frå Nigard Tofte og var brukar der nokre år, så han hadde tilknytning til området. Han kan utfrå dette vera ein av snikkarane.

Peder Melgard, f. 1796, var ôg bruker på Nigard Tofte ei tid og gift med ei enkje frå Utistugun Tofte. Han var son til Halvor Erlandson Listad,  halvbor til Kristen Listad. Han var såleis av god handverksfamilie og kan ha vore både snikkar og målar.

Målinga på Thore-, Kari- og Rønnoug-skåpa er nokså lik, så dei kan vera måla av same person. Dei er ôg måla same året.

Publisert her første gong 23. mars 2015

0 Comments

Submit a Comment